Hopp til innhold

Her har nokon hengt det nye kommuneskiltet opp ned

Kommune- og fylkesskilt blir sporlaust vekke og no får heller ikkje skilta som viser dei nye kommunane heller henge i fred.

Sunnfjord-skiltet heng opp-ned i Ytredalen.

OPP NED: Det splitter nye skiltet som syner at du er komen til Sunnfjord kommune, blei i løpet av julehelga snudd opp ned. Uvisst kvifor og av kven.

Foto: NRK-tipsar

I Ytredalen på E39 mellom Vadheim og Sande har nokon i løpet av julehelga tatt skrutrekkaren fatt og hengt det nye Sunnfjord-skiltet opp ned.

– Eg la merke til det då eg køyrde heimover no i ettermiddag, fortel ein lattermild tipsar til NRK.

– Ei humoristisk side

Den nye kommunen Sunnfjord er samansett av dei fire kommunane Gaular, Førde, Jølster og Naustdal – og er den mest omfattande kommunesamanslåinga i Noreg.

Seinast for nokre dagar sidan blei eit av skilta som syner Sogn og Fjordane, stole frå Hemsedalsfjellet.

Ordførar i Sunnfjord, Olve Grotle, vel å sjå på skilt-snuinga med litt humor no når julefreden har seinka seg.

– Det er mange som har hatt det moro med vegskilt den siste tida. Ei humoristisk side ved kommunereforma, som neppe har vore planlagt frå kommunalministeren si side, seier Grotle til NRK.

– Snur verda på hovudet

Ordførararen, som er kjend for å alltid ha ein god vits på lur, let seg ikkje vippe av pinnen av dei som står bak skilthumoren.

– Skiltet som er snudd opp ned i Ytredalen kan vi tolke slik at nokon meiner Sunnfjord kommune snur verda på hovudet i regionen vår. Det kan kanskje også vere rett, i positiv forstand, seier Grotle og ler.

Sosiolog Trond Blindheim ved Universitetet i Oslo meiner nostalgien som veks fram rundt fylka og kommunane, kan vere ein måte for folk å uttrykke motstand.

– På ein måte er det jo å vise fingeren til dei som har bestemt dette, sa Blindheim til NRK nyleg.

Manglar oversikt

Over heile landet har geografiske vegskilt blitt skrudd ned og stolne. Blant anna i Finnmark og på Sørlandet.

Statens vegvesen, som har ansvaret for skiltinga, har ikkje noko samla oversikt over kor mange skilt det gjeld. Men dei stadfestar at det dreier seg om fleire tilfelle dei siste månadane.

Dei siste vekene og i vekene framover skal tusenvis av vegskilt byttast ut i Noreg når talet på fylker skal kuttast frå 18 til 11, og talet på kommunar skal ned til 356.

Nokon har stole Sogn og Fjordane-skiltet på Hemsedalsfjellet.

BORTE VEKK: På Hemsedalsfjellet har nokon sikra seg det gamle Sogn og Fjordane-skiltet som ein suvenir.

Foto: Jan Chr. Jerving / NRK