Hopp til innhold

Fylkesskilt sporlaust vekke: – Ein eller annan har rett og slett stole det

Få dagar før den store fylkessamanslåinga i Noreg har folk «sikra seg» fylkes- og kommuneskilt over heile landet. No er også Sogn og Fjordane-skiltet på Hemsedalsfjellet sporlaust vekke.

Nokon har stole Sogn og Fjordane-skiltet på Hemsedalsfjellet.

BORTE VEKK: I slutten av førre veke blei fylkesskiltet stole av nokon like ved den riksveg 52.

Foto: Jan Chr. Jerving / NRK

– Det forsvann i veka, truleg onsdag eller natt til torsdag. Ein eller annan har rett og slett stole det, fortel byggjeleiar Rune Dvergsdal i Statens vegvesen.

Skiltet ved riksveg 52 Hemsedalsfjellet markerer overgangen mellom aust og vest frå Buskerud til Sogn og Fjordane fylke.

Ingen mistenkte

Når Vestland fylkeskommune trer i kraft frå nyttår, skulle skiltet takast ned. Men så langt kom ein ikkje.

– Har de mistanke om kven som har teke skiltet?

– Nei, vi har i grunn ikkje det, seier Dvergsdal,

Tusenvis av skilt skal skiftast ut no når 18 fylke i Noreg skal bli til 11 og 119 kommunar blir slått saman. Det har ført til at det har vore skilttjuvar på ferde langs vegane mange stadar.

Blant anna på Sørlandet, der kommuneskilta til Marnardal, Søgne og Songdalen blei populære suvenirar. Alle tre kommunar som opphøyrer ved nyttår.

Står framleis på E16

Søndag kunne NRK sin fotograf slå fast at Sogn og Fjordane-skiltet på stamvegen E16 over Filefjell framleis var på plass. Men skiltet på Hemsedalsfjellet er rett og slett vekke.

Det køyrer hundrevis av bilar forbi staden der skiltet blei stole kvar dag, ikkje minst går mykje av tungtrafikken mellom Aust- og Vestlandet der.

– Der står skiltet trygt, ser det ut for. Det gjer også den gamle grensesteinen, men den er vel verre å flytte på, fortel NRK sin mann på staden.

Vegskilt Sogn og Fjordane Hemsedalsfjellet

VEKK: Det øvste skiltet som markerer inngangen til Sogn og Fjordane på Hemsedalsfjellet, forsvann denne veka.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Nært forhold til fylket

At det er Sogn og Fjordane-skilt som blir stolne, er kanskje ikkje så overraskande. Få stadar i Noreg har innbyggjarane eit så tett forhold til fylket sitt.

Dette har mellom anna gjort at artiklar med kart over fylket, har blitt svært populære. Blant anna T-skjorter og plakatar.

Sosiolog Trond Blindheim ved Universitetet i Oslo meiner nostalgien som veks fram rundt fylka, kan vere ein måte for folk å uttrykke motstand.

– På ein måte er det jo å vise fingeren til dei som har bestemt dette, sa Blindheim til NRK nyleg.

Ikkje meldt til politiet

Sjølverklært skiltekspert og fast gjest i NRK-programmet Utakt, Olav Hove, trur også skiltstelinga i Noreg er ein protest.

– Når desse fylka og kommunane forsvinn, så er jo det forståeleg. Kanskje det er eit lite opprør frå dei som var imot samanslåinga at dei nappar med seg desse skilta, sa Hove til NRK.

Rune Dvergsdal i Vegvesenet seier dei førebels ikkje har gjort noko med skilttjuveriet på Hemsedalsfjellet.

– Det er jo mange slike fylkesskilt. Vi har fleire berre i Indre Sogn, så eg veit ikkje om vi kjem til å gjere så veldig mykje med det, seier han.

Grensestein mellom Sogn og Fjordane og Oppland på Filefjell.

GAMAL STEIN: Langs vegane står det også tusenvis av gamle steinar som markerer grensa mellom fylker og kommunar. Dei blir verre å stikke av med. Denne står på Filefjell.

Foto: Jan Chr. Jerving / NRK