Flora har ingen igjen – kommuneskilt vert stolne over heile landet

Tjuveri av kommuneskilt er i vinden om dagen. Om du ikkje veit kvar du er, så finst det ingenting som seier at du har kome til Flora kommune.

Kommuneskiltet for Flora stod her før

KOR ER EG?: Køyrer du forbi desse stolpane, er du inne i dagens Flora kommune. Me lovar.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Dag Nesbø Frøyen

– Me får finne oss i å vere litt grenselause dei neste to månadene, seier ordførar Ola Teigen i Flora.

Med under to månader igjen før fylkes- og kommunesamanslåingane trer i kraft i Noreg, har det nemleg blitt svært populært å stele med seg skilta som snart skal bli skrudde ned.

I likskap med Flora har det også blitt rapportert om steling av kommuneskilt andre stader i landet. Lindesnes avis skriv at minst tolv kommuneskilt har forsvunne langs vegane i Vest-Agder den siste tida. Også i Østfold har dei fått kjenne på fenomenet.

Allereie i 2017 forsvann fylkesskiltet til Sogn og Fjordane.

– Eit minne

– For mange er det nok ein naturleg identitet knytt til den gamle kommunen, seier Teigen.

Det var Firdaposten som først omtalte saka om at fleire kommuneskilt var stolne i Flora. Teigen stadfestar at alle skilta er stolne.

– Det er nok eit minne mange ønskjer å ha med seg vidare, seier han.

Ordførar Teigen er klar på at det ikkje er aktuelt å erstatte skilta.

– Nei, me får klare oss utan den vesle tida som er igjen, seier han.

BORTE: Skiltet som syner at du er kome til Flora kommune er no vekke i frå Riksveg 5 her ved Sva

NAKNE STOLPAR: Her burde du blitt informert om at du køyrer inn i Flora kommune. Det blir du ikkje.

Foto: Dag Nesbø Frøyen / Dag Nesbø Frøyen

Velkjend fenomen

Forfattar, lærar, redaktør og sjølverklært skiltekspert, Olav Hove, fortel at skiltsteling er eit internasjonalt fenomen. Sjølv brukar han ulike kategoriar for å omtale typiske årsaker som fører til skiltsteling.

Særleg framståande, meiner han, er griseprat-kategorien.

– Folk tykkjer det er gøy å stele skilt som har griseprat i seg. Ta til dømes dei stakkars 140 sjelene som bur på staden Fucking i Austerrike. Det skiltet vert stolen heile tida, så dei har berre gitt opp, ler han.

Olav Hove

OPPRØR: Lærar Olav Hove peikar på det internasjonale aspektet ved skilt-stelinga.

Han fortel også om Shitterton i England. Gjennom ein periode fekk dei namneskiltet sitt stole ein gong for dagen. Innbyggjarane vart til slutt så leie at dei sette opp ein stein på 200 kilo med stadnamnet inngravert i steinen.

– Det gjekk tre dagar, så vart den stelt òg, ler han.

– Ikkje overraskande

Hove er ikkje overraska over at så mange skilt blir stolne akkurat no.

– Når desse fylka og kommunane forsvinn, så er jo det forståeleg. Kanskje det er eit lite opprør frå dei som var imot samanslåinga at dei nappar med seg desse skilta, seier han.