Hopp til innhold

– Anar ikkje kvar skiltet er blitt av

HEMSEDALSFJELLET (NRK) Vegvoktaren mistenkjer vinden, men kan ikkje sjå bort frå at nokon har sikra seg eit minne om fylket som med visse atterhald skal leggast ned i 2020.

Sogn og Fjordane-skilt manglar i Lærdal

VEKKE: Skiltet «Sogn og Fjordane fylke» stod over skiltet «Lærdal kommune».

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Skiltet som viser at du kjem inn i Sogn og Fjordane fylke på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet er sporlaust borte.

Det stod over skiltet som viser at du samstundes kjem til Lærdal kommune.

Ingen anar kvar det blå skiltet med dei kvite bokstavane er blitt av.

– Dette veit eg ikkje noko om, seier Johannes Tubbene hjå Statens vegvesen region vest på Hermansverk.

Fleire har forsvunne

Under kommune- og regionreformene er kommuneskilt rundt om kring blitt offer for ulike hendingar.

Ei natt i august 2016 forsvann kommuneskiltet til Hornindal. Vegvesenet trudde det var stole og såg alvorleg på hendinga.

Hornindal hadde då vedteke å forlate Sogn og Fjordane og slå seg saman med nabokommunen Volda i Møre og Romsdal.

I januar same år bytta nokon om på kommuneskilta i Florø og Førde.

Og no er altså fylkesskiltet på Hemsedalsfjellet borte.

Driftsleiar Rolf Andersen i Presis vegdrift i Lærdal meiner skiltet er blåst bort.

– Det har skjedd før, mellom anna med Buskerud-skiltet. Det losnar litt etter litt og til slutt tek vinden det. Det kan blåse langt eller bli dekt over med snø. I så fall finn me det att til våren, seier Andersen.

Usikker

Når NRK fortel om andre kommuneskilt som blir borte hjå kommunar som er vedtekne slått saman, blir han likevel litt i tvil.

– Kanskje det er nokon som har hatt det gøy? Då kan jo hende sidan det har skjedd før. Men vår teori er at det er blåst bort, seier Andersen.

– Eg skal forbi seinare i dag og sjekke. Er det vinden som er syndaren, kan vi kanskje sjå det på skruane. Viss ikkje, må det vere andre syndarar, seier byggeleiar Rune Dvergsdal, som har ansvar for drift og vedlikehald i Indre Sogn.