Hopp til innhold

Følg skjebnekampen i Sogndal direkte

Det er stor spenning før kveldens kamp på Fosshaugane. Klarar Sogndal å sikre seg viktige poeng for å ta kvalikplassen?

Eliteserien i fotball 2017: Vålerenga-Sogndal. (3-0)

SPENNANDE KAMP: Eirik Bakke (t.h) og Sogndal står i fare for å rykke ned. Ronny Deila og Vålerenga skal prøve å sikre 6.-plassen. Biletet er frå førre oppgjer, der Vålerenga vann 3–0.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

Det har aldri vore jamnare i kampen om å unngå nedrykk frå eliteserien. Samstundes som Sogndal møter Vålerenga på Fosshaugane, skal Aalesund møte Strømgsgodset.

Både Sogndal og Aaleund har 29 poeng, med same målforskjell. Dei einaste som skil laga, er eitt mål i Aalesund sin favør. Difor ligg laget over Sogndal på tabellen. Dermed er det førebels uvisst kven rykkjer rett ned og kven som får spele kvalifiseringskamp mot Ranheim.

Sogndal har dumpa billettprisane for å få flest mogleg til Fosshaugane kl. 18.

– Det handlar om å få mest mogleg folk på tribunen så vi får den boosten vi treng. Vi veit av erfaring at det hjelper, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.

Vålerenga kjem til Sogndal for å sikre 6.-plassen. Trenar Ronny Deila har tidlegare uttalt at dei ikkje vil gi heimelaget ei hjelpande hand i nedrykksstriden

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..