Det vert ingen hjelpande hand frå Vålerenga-trenaren på søndag

Vålerenga-trenar Ronny Deila seier Sogndal må vera gode nok sjølve, om dei ønsker poeng i den avgjerande kampen søndag.

Eliteserien i fotball 2017: Vålerenga-Sogndal. (3-0)

SKJEBNEKAMP: Då laga møttest på Ullevaal stadion var det Ronny Deila (t.h.) og Vålerenga som vann 3–0 over Eirik Bakke (t.v.) og Sogndal.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

  • Sjå tabellen nedst i saka.

– Det vert ein spennande kamp. Heile avslutninga vert det. At vi er ein del av det, er gøy for oss, og det er viktig at vi gjer ein profesjonell jobb og går inn i kampen med fullt trykk, slik at det vert rettferdig for alle partar, seier Vålerenga-trenar Ronny Deila.

For status før den siste serierunden er enkel. Og komplisert. I korte trekk så ligg Sogndal på direkte nedrykk før kampen, men berre målforskjellen heldt dei bak Aalesund som ligg på kvalifiseringsplassen.

Det heile kan enda med å bli avgjort på innbyrdes oppgjer.

Komplisert

På søndag tar Sogndal i mot Vålerenga på Fosshaugane. Aalesund har heimekamp mot medaljejagande Strømsgodset, som har vunne åtte strake kampar.

Og no vert det litt komplisert. For på tabellen står både Sogndal og Aalesund på 29 poeng. Begge har minus 13 i målskilnad, men Aalesund ligg altså på plassen framfor fordi dei har scora eitt mål meir.

I teorien kan det bli avgjort på innbyrdes oppgjer om Aalesund eller Sogndal går direkte ned til førstedivisjon.

– Det er ein spennande nedrykkskamp. Vi har eit ansvar overfor dei andre laga om å gå utpå og kjempa for tre poeng, seier Deila.

– Så Bakke og Sogndal vil ikkje få noko hjelp frå Vålerenga?

– Nei. Dei må vera gode nok om dei skal klara seg og vi kjem ikkje til å gje ved dørene. Det er heilt sikkert, svarar Deila.

Og spennande vert det. For, om Sogndal spelar 1–1 mot Vålerenga, medan Aalesund spelar 0–0 mot Strømsgodset vil laga ligge heilt likt. Vinn Sogndal 2-1, medan det blir 1–0 til Aalesund, eller at Sogndal tapar 1–2 og Aalesund ryk 0–1, skjer det same.

Om det endar heilt likt er det Sogndal som tar kvalifiseringsplassen, medan Aalesund rykker rett ned. Sogndølane har vunne begge kampane mot laget frå Sunnmøre denne sesongen.

Førebudd

Før kampen på søndag er VIF-trenaren klar på kva dei må passa på, om dei skal stikka av med sigeren.

– Dei er godt organisert og speler veldig direkte i kontringsspelet. Dei er også gode på dødball, men vi er vanlegvis gode på kunstgras så vi må prøva å flytta ballen så fort at vi får strekt ut laget deira, seier Deila.

Den siste serierunden vert spelt klokka 18.00 førstkommande søndag.

Laster innhold, vennligst vent..