Hopp til innhold

Dumpar billettprisane før skjebnekamp

Både Aalesunds FK og Sogndal Fotball dumpar billettprisane før skjebnekampen laurdag.

Fosshaugane nesten fullsett mot Rosenborg

FOSSHAUGANE: Til no har Sogndal seld 2.900 billettar til skjebnekampen mot Vålerenga. Det er kring 900 fleire enn til ein vanleg eliteseriekamp på Fosshaugane.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dagen før det blir avgjort kven som rykkjer direkte ned frå eliteserien og kven som møter Ranheim i kvalifisieringskamp, har Sogndal seld 2.900 billettar.

Som mot Tromsø er billettprisane kraftig redusert, til 100 kroner for heile stadion – med unnatak av ståtribuna.

Geir-Inge Heggestad

GODT VÊR: – Heldigvis er det meldt ok vêr søndag, med ein til to plussgrader og ingen nedbør. Det er bra for å vere i slutten av november, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad i Sogndal Fotball.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det handlar om å få mest mogleg på tribunen så vi får den boosten vi treng i ryggen. Vi veit av erfaring at det hjelper, seier arrangementssjef Geir Inge Heggestad.

Trur på 4.000

Som klubb har Sogndal vore i tilsvarande situasjon før. Med støtte frå over 5.000 publikumarar på Fosshaugane berga dei eliteserieplassen med 2–0 over Brann i siste seriekamp i 2012.

I år handlar det om nedrykk, eller ein forlenga sesong med kvalifisiering.

Laster innhold, vennligst vent..

– Hadde vi ikkje mobilisert i 2012, så trur eg ikkje at det hadde gått, meiner Heggestad og håpar og trur at publikumstalet bikkar 4.000 når Vålerenga vitjar Sogndal søndag kveld.

– Mange vil ha med seg

– Førehandssalet er som mot Tromsø, då vi også hadde reduserte prisar. Eg trur merkbart fleire bortesupporterar løftar oss mot 4.000. Vålerenga-supporterane er flinke til å reise på eiga hand til kamp og vi veit at dei kjem med to bussar, seier Heggestad og legg til at bortesupporterane har 450 billettar tilgjengelege.

På Color Line Stadion tek Aaleunds i mot eit Strømsgodset-lag på medaljejakt. Også tangotrøyene håpar på god støtte i ryggen.

Laster innhold, vennligst vent..

– Kring 6.000 selde billettar til no og eg trur salet tek av i morgon tidleg og utover dagen. Det er ein viktig kamp som det vil overraske meg om folk ikkje vil ha med seg, seier presseansvarleg Jonatan Arvidsen-Osvik.

Mange variablar

Vålerenga kjem til Sogndal for å sikre 6.-plassen. Trenar Ronny Deila har tidlegare uttala at dei ikkje vil gi heimelaget ei hjelpande hand i nedrykksstriden.

For Sogndal sin del kan målskilnaden bli avgjerande.

– Det var enklare i 2012. Då visste vi at siger var nok til å overleve. Søndag er det så mange variablar som kan slå inn at det blir frykteleg spennande, seier Heggestad og meiner spenninga er å ta og føle på i bygda.

Spenning i bygda

– Du merkar at det skal skje noko spesielt før. I spelargruppa er det ikkje så mange som har vore med på dette, men du merkar at folket i bygda grugler seg. Men dette må ein berre stå i når ein er med i gamet, seier han.

Oppgjeret i morgon osar av historie. Ikkje minst etter kvalifiseringskampane i 2000 der Sogndal sende Vålerenga ned i 1. divisjon.

I nedrykkssesongen 2004 var Sogndal det siste laget som tok poeng frå Oslo-klubben. Uavgjortresultatet gjorde at Rosenborg snappa seriegullet framfor nasen på Vålerenga.

Laster innhold, vennligst vent..