Hopp til innhold

Følg Florø direkte: Kan dei slå tilbake etter nedturen i Sandnes?

FLORØ (NRK): Har to veker med spelefri fått Florø tilbake på vinnarsporet? Her kan du følgja kampen mot Tromsdalen direkte.

Terje Rognsø, Florø-trenar

NY JUBEL: Florø-trenar Terje Rongsø har hatt mykje å jubla for denne sesongen, men i førre kamp enda det med eit 3–0-tap.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

SISTE: 73 minutt: Og der sitt den for bortelaget. Mohammed Ahamed Jama er sist på ballen etter eit frispark og pirkar ballen forbi Frenderup. 1–0 til bortelaget.

65 minutt: Enorm sjanse til Tromsdalen. Ein kantspelar får stå heilt aleine på bakre stolpe og avslutninga var god, men redninga til Frenderup var endå betre. Der kunne det fort ha stått 0–1.

59 minutt: Komikveld i angrep for Florø. Ballen låg heilt fri i feltet på fem meter, noko både Kupen og Ndour fekk med seg, men begge enda opp med å skyta ballen på likt. Det enda med at begge vart liggande ein kort periode i smerter, men begge kom seg på beina att.

Pause: Laga går til pause på stillinga 0–0. I sluttminutta var det Tromsdalen og Mohammed Ahamed som var nærast scoring med ei god heading frå 12-13 meter. Headinga sendte Florø-keeper Nicklas Frenderup ut i full strekk og han fekk slått til corner.

34 minutt: Endre Kupen er farleg frampå og får avslutta frå skrått hald, men avslutninga går i nettveggen.

30 minutt: Veldig sjansefattig i den første halvtimen. Florø har ballen mest, med Tromsdalen er kompakte i forsvar og slepp til lite. Mest dramatisk var det då ein Tromsdalen spelar kom åleine gjennom med keeper, men etter å ha gått tenkt seg om vart linjemannen einig med Florø-spelarane og publikum og dømte offside.

5 minutt: Framleis ingen mål, men Florø har hatt banespelet. Det er fulle tribuner og strålande sol i Florø.

Florø kom fort ned att på jorda i sin siste kamp for to veker sidan, då dei tapte 3–0 borte mot Sandnes Ulf. For etter å ha rundspelt Mjøndalen og tatt ein 5–0-siger i runden før ville heile Norge ha ein bit av Florø.

Etter eit hardt kampprogram i august har dei no hatt to veker utan kampar og møter Tromsdalen heime, som dei tapte 1–0 mot borte i juni. Lagt ligg på ein femteplass og heldt dei seg der ut sesongen vil det gje playoff-plass og mogeleg kvalifiseringskamp for opprykk til eliteserien.

Men det kan vera eit redusert Florø-mannskap som stiller til start mot Tromsdalen. Ifølgje Firdaposten har Peter og Stefan Aase, samt Luc Jeggo problem med ankelen, i tillegg til at Erlend Hove har vore skada. Dei tre førstnemde har spilt mykje på midtbana denne sesongen og er viktige brikker i Florø-laget.

Men Peter Aase og Luc Jeggo er klare til kamp.

FLORØ (4–3–3): Nicklas Frenderup – Christer Husa, Vegar Gjermundstad, Runar Hove, Christopher Lindquist – Halvor Utkilen Solheim-Olsen, Luc Jeggo, Peter Aase – Monir Benmoussa, Endre Kupen, Alioune «Badou » Ndour.

Medan du ventar på kampen kan du lesa desse sakene frå arkivet, om du ikkje fekk dei med deg.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..