Hopp til innhold

Florø tapte 0–1 mot Tromsdalen

Det vart eit nytt tap for Florø fotball i kampen mot Tromsdalen i Tromsø i dag. No er det berre to poeng ned til botn av tabellen.

Florø fotball

SKUFFA: Dette biletet er frå ein tidlegare seriekamp. Florøspelarane var skuffa etter dagens kamp, seier trenar Terje Rognsø.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er to ganske like lag i dag, men vi får ikkje så mykje til å stemme, seier Florø-kaptein Vegar Gjermundstad.

Med 10 poeng på 12 kampar ligg Florø særs dårleg an når det no nærmar seg sommarpause på sesongen. Heldigvis for florøværingane har dei tre laga Fredrikstad, Jerv og Elverum gjort det endå dårlegare.

Etter ein heimesiger mot Sandnes Ulf i førre seriekamp, og ein snuoperasjon mot storebror Sogndal i tredje runde i cupen hadde det byrja å sjå lysare ut for dei blåkledde, men det varte altså ikkje lenge.

Les også: Sende Sogndal på hovudet ut av cupen – igjen

Tenkjer ikkje på tabellen

Det einaste målet i kampen vart scora av Håkon Kjæve i det 51. minutt.

– Vi blir hengande mykje etter. Det er ikkje ufortent at Tromsdalen vinn i dag, f or å seie det sånn, seier Gjermundstad.

Det er ganske nærme botn av tabellen no, korleis er stemninga i laget?

– Vi tenkjer ikkje så mykje på det. Vi er jo ikkje halvvegs ein gong. Vinn vi to kampar så er vi plutseleg på midten av tabellen, så dette kan snu.

Laster innhold, vennligst vent..