Hopp til innhold

Florø tapte mot Sandnes/Ulf

Florø klarte ikkje å gjenta suksessen frå storsigeren onsdag, og gjekk søndag kveld på eit tap mot Sandnes/Ulf på bortebane. Det vart 3–0 til vertane.

Vegar Gjermundstad og Runar Hove

TAP: Vegar Gjermundstad og Rune Hove tapte mot Sandnes/Ulf i kveld. Dette biletet er frå ein tidlegare kamp.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Vi tapar fullt fortent i denne kampen. Vi gjer omtrent alle dei feila som det er mogleg å gjere i løpet av ein fotballkamp, seier Florø-trenar Terje Rognsø rett etter kampen.

Florø hamna under etter 29 minutt, på ei straffe til heimelaget.

– Eg tykkjer det er ei billeg straffe, men greitt nok. Første omgang var jamn, andre omgang var det ikkje, seier Rognsø.

Det har berre gått fire dagar sidan Florø spelte førre serierunde, og bussturen på ni timar kan også ha tatt på.

– Vi skuldar ikkje på nokon andre, her er det vi som ikkje gjer jobben. Vi sviktar på det som er merkevara vår, nemleg hardt arbeid og innsats. Det er synd.

Flaue spelarar

Trenaren fortel at spelarane tek det tungt å prestere så svakt.

– Det er ein gjeng med flaue spelarar i garderoben no.

Det var Kjell Rune Sellin som sende Sandnes/Ulf opp i leiinga etter 29 minutt. I det 76. speleminutt auka Kent Håvard Eriksen til 2–0, og Florø klarte aldri å hente seg inn att. Like før slutt Oddbjørn Skartun vart det 3–0 ved Oddbjørn Skartun

Onsdag vart spelaren Rashad Muhammed seld.

Sandnes/Ulf ligg på plassen over Florø på tabellen, og har med dagens siger 8 fleire poeng enn florøværingane.

Florø er nummer fem i første divisjon, og ligg altså framleis på kvalikkplass. Tabellen under Florø er jamn, og det er berre 4 poeng ned til Tromsdalen på 10.-plass.

Det gjer ikkje Terje Rognsø nervøs.

– Det først og fremst media som stressar med dette kvalikkplassgreiene. Vi tek det heilt med ro.

På onsdag spelte Florø mot Mjøndalen heime, og det enda i fem mål og ein imponerande siger på 5–0.

Laster innhold, vennligst vent..