Biletet Scanpix tok av ein knust Eirik Schulze, seier det meste om 24-åringen sine dagar sidan kvalifiseringskampen laurdag.
Sørlendingen bomma frå 11-metersmerket i straffekonkurransen. Dermed vart Michael Karlsen heimelaget Ranheim sin store helt. Sogndal Fotball må ned i 1. divisjon.
– Det har vore tøft, og vil nok vere det ei stund framover også. Det enda på verst tenkeleg måte, både for meg og Sogndal. Men eg har fått bra støtte frå kjente og kjære, folk i klubben og supporterar, seier Eirik Schulze.
– Ville forsvinne
Schulze kjende seg roleg då han tusla mot ballen, etter ingen av laga klarte å avgjere kvalifiseringa på to kampar og to ekstraomgangar. Midtbanespelaren, som
, var bestemt på kvar han skulle sette ballen, men treffpunktet vart for lågt. Verda rasar saman då ballen seglar over mål.Samstundes som heimelaget og supporterar bryt ut i elleville jubelscener, blir ein knust Schulze omfamna av støttande medspelarar.
– Då det gjekk opp for meg kva som hadde skjedd og dei brutale følgjene, søkk eg saman. Eg var så knust at eg eigentleg ikkje får med meg så mykje anna enn trøystande medspelarar som påpeikar at det er eit kollektivt ansvar.
– Ville forsvinne
– Eg ville berre forsvinne frå heile staden. Eg har tenkt mykje på det sparket der, legg 24-åringen til.
Skader på fleire sentrale spelarar og mange tapte poeng i sluttminutta plasserte Sogndal på den utsette kvalifiseringsplassen.
– Vi har hatt mykje fokus på at vi er eitt lag. Vi vinn saman og vi taper saman, men for min del er det vanskeleg å gløyme situasjonen når følgjene blir så brutale. Det var tøft, seier Schulze.
Vil rett opp att
Sjølv om klubben har sponsoravtalar uavhengig av divisjon, får nedrykket økonomiske følgje.
Ein sesong i 1. divisjon gir kring fire millionar kroner mindre i medieinntekter.
– Sjølv om det skal bli godt med ferie for å lade batteria fysisk og psykisk, så er eg allereie motivert for å gjere mitt til at vi får ein solid opptur neste år. Eg trur alle på laget tenkjer slik. Vi er ein svolten gjeng, som håpar på opprykk, seier han.