NRK Meny
Normal

Mads Hansen: – Kupen er Norge sitt svar på Agüero

FLORØ (NRK): Etter «måltørke» på tre kampar slo Endre Kupen knallhardt tilbake mot Mjøndalen og scora fire mål på ein halvtime før pause. Etter kampen hylla motstandaren han.

Endre Kupen

SEKS PÅ TO: Med fire mål mot Mjøndalen i kveld og to i bortekampen tidlegare i sommar har Endre Kupen scora seks mål på to kampar mot Mjøndalen.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..
Mads Hansen

Mjøndalen-spelar Mads Hansen.

Foto: Johansen, Carina / NTB scanpix

– Endre Kupen er den spelaren i Norge som minner meg mest om Sergio Agüero. Det gjer vondt å skryte av motstandaren etter å ha tapt 5–0, men vi tapte fortjent, seier Mjøndalen-profilen Mads Hansen til NRK etter kampen.

Florø leverte årsbest mot Mjøndalen og spelte laget frå Buskerud av bana i nitti minutt. Framfor mål hadde Kupen full kontroll.

  • 5 minutt: Mjøndalen klarte ikkje å klarera ballen etter eit innlegg. Ballen låg fri og Kupen sette den enkelt i mål.
  • 19 minutt: Runden ein forsvarsspelar, og sette inn 2–0 knallhardt i nettaket.
  • 26 minutt: Glimrande gjennomspel av Halvor Solheim-Olsen. Kupen åleine med keeper igjen og 3–0.
  • 35 minutt: Kupen frampå igjen. Vart stoppa på ulovleg vis og lagt i bakken. Straffesparket sette han enkelt i mål, og med det fekk han si fjerde scoring på ein halvtime.

– Vi hadde ein sjanse i første omgang, og etter det var det Kupen mot oss. Vi visste kor god han var då vi spelte mot han sist og vi var klar over han i dag også, men vi klarte ikkje å stoppe han. Han var for rask, sterk og god for oss, seier Mjøndalen-trenar Vegard Hansen.

Premier League - Brighton & Hove Albion vs Manchester City

STORSCORAR: Manchester City-spelar Sergio Agüero er ingen kven som helst. Argentinaren har scora over 100 mål for det blå laget frå Manchester og 33 mål for landslaget.

Foto: Hannah Mckay / Reuters

Påstand om måltørke

Vegard Hansen, Mjøndalen

TUNGT: Mjøndalen-trenar Vegard Hansen hadde ein tung dag på jobben.

Foto: Truls Kleiven

For før kampen mot Mjøndalen hadde ikkje Kupen scora på tre kampar. Noko som er uvanleg for spelaren som no står med 13 mål på like mange kampar. Då noko kommenterte at Kupen hadde måltørke etter 2–0-tapet mot Start på søndag, på eit innlegg på NRK Sogn og Fjordane sine Facebook-sider svara Kupen dette:

– Ja, no e de gale also! Får slå hardt tilbake på onsdag.

– Det var bestemora til dama mi, så no var det på tide å ta igjen, seier Kupen med eit stort glis etter kampen.

Men likevel var han ikkje heilt nøgd.

– Eg bomma på ein kjempesjanse på 0–0. Det irriterer meg, seier Kupen, som for andre gong denne sesongen scora tre mål eller fleire i ein kamp.

Christian Lunde Nilsen er ein av dei fremste statistikkførarane i Norge på norsk fotball og har gitt ut fleire bøker. Han hadde ikkje tilgang til sin statistikkdatabase då NRK snakka med han onsdag kveld, men han kunne ikkje hugse sist ein norsk spelar scora fire mål på ein halvtime.

Med det har Kupen scora seks mål mot Mjøndalen på to kampar i årets sesong, og dei 13 måla sine har han scora på 960 speleminutt. Det er eitt mål kvart 74 speleminutt, altså meir enn eitt i snitt kvar kamp.

Endre Kupen

TO: Her er Endre Kupen si feiring, etter sitt andre mål. Ingen andre spelarar i dei to øvste divisjonane scorar oftare enn 27-åringen.

Foto: Truls Kleiven

Forsvarsspelarane etterlyst

Etter 4–0-scoringa, ti minutt før pause, tok heimesupporterane fram roperten og sende ut ei etterlysing på forsvarsspelarane til Mjøndalen.

For Mjøndalen hadde ein stor dobbelsjanse på stillinga 0–0, og så handla alt om Florø dei neste 40 minutta. Få minutt før pause Ousseynou Boye sjansen åleine med keeper, men lobben gjekk i tverrliggaren og ut.

Etter ein dryg time av kampen, då Kupen var blitt bytta ut, var det tid for andre spelarar å teikne seg på scoringslista. Oliver Rotihaug fekk godt treff frå 25 meter og sette inn 5–0.

Tidlegare onsdag vart det klart at vingen Rashad Muhammed er seld frå Florø til Sarpsborg 08.

Rashad Muhammed

KLAR: Rashad Muhammed vart klar for Sarpsborg 08 få timar før avspark mellom Florø og Mjøndalen.

Foto: Sarpsborg 08

Florø var det store formlaget i dei to øvste divisjonane i Norge, då dei vann seks seriekampar på rad, men før dagens kamp mot Mjøndalen stod dei med to strake tap. Begge i bortekampar, mot Kristiansund i cupen og Start i serien.

Mjøndalen på si side har underprestert denne sesongen, men fekk ein opptur då dei slo ut Brann av cupen førre veke.

Laster innhold, vennligst vent..
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.