Hopp til innhold

Flaum gjorde store skader i Stryn

Det gjekk ikkje lang tid før elvane i Nordfjord igjen fekk store problem med å ta unna vassmengdene.

For knapt tre månader sidan gjorde rekordstore nedbørsmengder store skader i Nordfjord.

Fredag var det «på'an igjen» då slusene opna på nytt.

– Det har regna i heile natt og nærast i heile dag. Elvane er store, det renn ut i vegen fleire stader, fortel Ann-Kristin Bergset frå Blakset.

Tok ny asfalt

Bergset fortel at i føremiddag gjekk elvane så store at jord og stein spruta ut i vegen.

Ho seier den nylagde asfalten forbi området som blei tatt av i flaum i sommar har fått hard medfart også i dag.

– Vi fekk ny asfalt denne veka, og folk har jobba på spreng for å prøve å berge den. Grøftene har rive med seg delar av asfalten, fortel ho.

(Artikkelen held fram under TV-innslaget)

Video Flaum på Lote

SJÅ: TV-innslaget frå flaumen på Lote i slutten av juli.

– Utriveleg å køyre bil

– Det er utriveleg å køyre på vegane når du ser dei store vassmengdene som kjem ut i vegen. Du veit aldri kva elvane dreg med seg. Det er litt utriveleg dette vêret her, legg Bergset til.

Fleire innbyggjarar i Nordfjord har i dag hatt sitt fulle hyre med å berge vegane sine i dag.

Vegmeldingssentralen i Lærdal opplyser at dei i føremiddag fekk telefon frå bilistar i både Stryn og Gloppen om mykje overflatevatn i vegen.

Har roa seg

Etter det Vegmeldingssentralen kjenner til, skal det ikkje vere gjort skade på vegar. Avdelingsingeniør Anders Maurset i Stryn kommune, seier det også fredag vart store skader på nordsida av Nordfjorden.

Flaumen i Stryn i slutten av juli kosta kommunen nær 20 millionar kroner . Nordfjorden vart full av tømmer og Steindøla kraftverk vart påførd store skader .

– Det er på langt nær så gale, men vi har hatt ein god del skade på kommunale vegar ute på Blakset denne gong også, seier Maurset.

– Det er demotiverande

I tillegg til fylkesvegen som denne veka er blitt asfaltert, og som vatnet allereie er byrja å grave av, gjorde kommunen seg meir eller mindre ferdig med dei førre skadane for ein månad sidan.

– Dette er demotiverande. Det er ikkje noko kjekt. Det kostar nokre kroner det som skjedde i dag også, seier han og meiner dei stadige overfløymingane skuldast elva som finn seg nye far oppe i terrenget.

Finn seg nye far

– Vatnet går ikkje der det gjorde før. No kjem det meir vatn i nokre elvar, medan det kjem mindre i andre. Vi er i god dialog med NVE om flaumførebygging og skal i nytt møte på måndag, seier Maurset.

Folk frå kommunen har i dag hatt sitt fulle hyre sidan 12-tida med å berge vegane.

– Når dei blir ferdige i dag, så blir det køyrbart. Så får vi prøve å få full oversikt måndag og starte på nytt att med å sette vegane i stand att, seier Maurset.

Meir regn i vente

Steinar Skare hos Vervarslinga på Vestlandet, seier det framleis vil komme nedbør over Nordfjord utover kvelden og natta.

Dog ikkje i slike mengder som fredag.

– Det blir regnbyer, særleg i Nordfjord. Nedbøren kjem i form av snø 500-600 meter over havet. Det ser ut som om snøen vil kome ganske langt ned i løpet av natta, seier han og varslar snøgrense på mellom 300 og 500 meter.