Hopp til innhold

Flaumskadar for 18,6 millionar

Frå mars til juli gjorde flaumar skadar for over 18.6 millionar kroner i Sogn og Fjordane. Verst av alt gjekk det i Stryn 25. juli.

Flaum i Oppstryn

MYKJE VATN: Det har vore mykje ekstremnedbør og flaum i fylket i år. Her frå Oppstryn i august.

Foto: Tor Guddal

Den våte sommaren set sine økonomiske spor. Ei oversikt frå fylkesmannen syner at totalt har kommunane hatt ekstrakostnader på over 18,67 millionar. Noko dei no voner at Staten skal dekkje heilt eller delvis.

Store skadar

Verst gjekk det i Stryn 25. juli. Ekstremnedbør førte til store skadar på vegar, dyrka mark og anna - og kommunen har rekna ut at totalt sett vart det gjort skadar for nær 12,9 millionar.

– På ein meteorologisk målestasjon i Stryn vart det mellom kl. 01.00 og 02.00 målt 52 mm regn. Dette førte til store og plutselege flaumar, og det var særleg området rundt Blakset som vart råka, skriv fylkesberedskapssjef Håvard Stensvand i eit brev til kommunal- og regionaldepartementet.

Kan bli høgare

I brevet peikar han på at om natta flytta nedbøren seg vestover, og førte òg til skadar i Eid kommune

Han peikar på at kostnadene til Stryn kan bli enda høgare, all den stund at dei ventar på ei tilråding frå NVE om korleis vegbruene som må byggjast opp att, bør dimensjonerast.

– Difor er dei endelege kostnadane der enno noko usikre, meiner Stensvand.

Mange millionar

Oversikt over dei kommunane som har meldt inn oversikt over utgifter etter skadeflaum hittil i år:

  • Eid: 1,12 millionar (25. juli)
  • Gloppen 145.063 (6.-7. april)
  • Gulen 228 714,00 (28. juni)
  • Hyllestad 948 500,00 (27. juni. – 1.juli)
  • Leikanger 442 100,00 (21.-22. mars)
  • Luster 765 000,00 (mai og juni)
  • Naustdal 894 000,00 (18.-29. mars og 2.-5. april)
  • Solund 240 000,00 (28. juni)
  • Stryn 12 885 000,00 (25. juli)
  • Vik 857 500,00 (21. mars m.v.)
  • Årdal 137 946,00 (8.-12. juni)
    Totalt: 18 670 823,00