Hopp til innhold

Vatnet fossa over fylkesvegen

 

Roar Ottemo var på veg til jobb, då han med eitt vart møtt av ein diger foss som buldra rett over fylkesvegen.

– Eg hadde ikkje veldig lyst til å køyre gjennom, seier Ottemo.

– Torde ikkje vere der lenge

Han var måndag morgon på veg til jobb i Høyanger, og hadde køyrt frå Balestrand då han brått måtte leggje om planane sine. Like ved Kvamsøy på fylkesveg 55 var vegen til forveksling lik eit vassdrag...

På nokre meters avstand sikra han Ottemo seg ein video av vatnet som fossa ned frå fjellsida og over vegen.

– Eg torde ikkje vere der lenge, ettersom vatnet byrja å finne seg fleire vegar ned frå fjellsida. Men eg har ikkje peiling på kor mykje vatn det kan ha vore snakk om, seier han.

Uvêret herja i store delar av fylket

Natt til måndag var det eit sjeldant kraftig ruskevêr over indre delar av Sogn og Fjordane.

Særleg gjekk det ut over folk i Nordfjord, der 50 menneske vart evakuerte frå Markane, Blakset og Lote.

LES OGSÅ:

Ei rekkje vegar vart dessutan stengde, og ein av desse var fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger.