Hopp til innhold

Flaumen gjorde store skader

Ein familie på Lote i Eid fekk ein dramatisk morgon då uveret herja natt til måndag. Enorme vassmengder gjorde store skader på tomta deira.

Video Flaum på Lote

SJÅ VIDEO: Ranveig Årskog og Odd Helge Henden har filma flaumen på Lote.

Det var i halv femtida natt til måndag at elva gjekk over sine breidder hos Odd Helge Henden og familien.

– Det kom enorme nedbørsmengder på kort tid, fortel han.

Kona i huset vakna av ein merkeleg dur som kom nærare og nærare. Ho sprang ut på verandaen og fekk sjå at elva som renn forbi huset vaks veldig.

Elva fossa over brua som er seks-sju meter frå garasjen og 15 meter frå huset.

Ekteparet fekk vekka borna og kom seg inn i bilen. Store delar av vegen var vekke, men dei fekk køyrd oppover på ein sideveg og vidare til ein nabo lenger inn mot Lote.

– Det regna ekstremt mykje. Vi sjekka om naboane var vakne og var klar over kva som skjedde. Eg frykta det kunne komme endå større mengder vatn dersom det demma seg opp lenger oppe.

– Måtte komme oss vekk

Etter at kona og borna var trygge, vurderte om Henden og ein nabo om noko kunne bergast.

– Vi trudde vi skulle klare det og fekk ned ei gravemaskin. Men vi måtte melde pass, for etter kort tid auka vassmengdene endå meir. Det var berre å komme seg vekk, fortel han.

Elva endra løp, rett mot huset der familien trudde dei skulle vere trygge. Difor reiste inn til ferjekaia og fekk gå om bord i ferja sidan dei alle var klissblaute.

Skader for sekssifra beløp

Det kraftige regnveret natt til måmdag førde til at 50 personar blei evakuerte frå tre bygdene Blakset, Markane og Lote på nordsida av Nordfjorden. Dei flaumstore elvane har gjort store skader.

Også heime hos familien Henden er det mykje som er øydelagt og han reknar med at det er gjort skader for eit sekssifra beløp.

– Det såg ut som ei slagmark, så det kan bli snakk om store summar. Vegen og ei bru er vekke og fjæra og badestranda er heilt øydelagd, seier han og legg til at dei ikkje kjem seg heim med bil.

Mange tiår sidan sist

Han håper at forsikring og Naturskadefondet dekkjer kostnadene etter uveret. Han seier det er mange år sidan noko liknande har skjedd.

– Eg kan ikkje hugse det, men andre har sagt at det var noko liknande på 40- eller 50-talet.

I går kveld fekk familien på seks flytte heim igjen. No ventar oppryddingsarbeidet.

– Vi føler oss trygge no, men ferien blei annleis enn vi hadde tenkt. Heldigvis gjekk det bra med bygningane våre.

Video Fjorden flyt av rekved

SJÅ VIDEO: Det flyt med rekved i Nordfjorden.

Video 50 vart evakuert ved Nordfjorden

50 EVAKUERTE: Mange måtte flytte heimefrå på grunn av flaum og rasfare.