Hopp til innhold

Gjorde skade på fem kilometer veg

Lensmann i Stryn har fått 55 meldingar om naturskade etter flaumen i Nordfjord førre veke. Tre bruer vart offer for naturkreftene.

Kraftverket fekk store skader då Steindøla vaks dramatisk

STORE HERJINGAR: Slik såg det ut etter at Steindøla i Stryn herja under uvêret i Nordfjord.

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Eg har ikkje rekna på kostnadene, men så langt ser det ut som om det er gjort skade på om lag 4,6 kilometer kommunal veg. I tillegg er det ein del mindre skadar som vi ikkje har oversyn over, seier avdelingsingeniør Anders Maurset til Fjordingen.

I tillegg er det totalskade på bruene til Åland, Dokset og Teigen – pluss ein del skade på ei bru til Nesje i Oppstryn.

LES OGSÅ:

– Reknar med endå høgare tal

Natt til måndag i førre veke vart delar av indre Nordfjord råka av eit kraftig uvêr, der det i løpet av 12 timar vart sett nedbørsrekord med 80 millimeter nedbør i Stryn.

Regnet førte til flaum, uvanleg stor vassføring i vassdraga og ei rekkje stengde vegar. Verst råka vart Blakset i Stryn og Lote i Eid, der til saman om lag 50 personar vart evakuerte.

– Så langt har vi fått 55 meldingar om naturskade, og vi reknar med at det kan bli fleire, seier lensmann Inger Lill Lanes til avisa.

Jobbar med mellombels løysing

Kvar einskild grunneigar må sjølv melde inn skadane etter at naturkreftene råka regionen.

LES OGSÅ:

– Vi har fått orden på ein del vegar, men mykje står igjen. Akkurat no er vi i gang med mellombels løysing for veg til Åland, seier Maurset til Fjordingen.