Hopp til innhold

Har ikkje sett liknande på 80 år

Peder Steinsåker har aldri sett for seg at det kunne bli naudsynt å evakuere heimstaden - men etter 80 år på Blakset måtte han forlate huset.

Flaum i Nordfjord - sett frå lufta

SETT FRÅ LUFTA: Slik ser det ut etter at flaumen har laga mykje materielle skader langs fjorden i Nordfjord.

Foto: Asgeir Reksnes (MMS-foto) / NRK

Peder Steinsåker og kona Alvhild måtte evakuere heimstaden

I TRYGGLEIK: Peder Steinsåker og kona Alvhild måtte evakuere heimstaden på Blakset.

Foto: Asgeir Reksnes (MMS-foto) / NRK

– Eg har budd der i 80 år, men eg har aldri sett noko liknande. Eg hadde aldri trudd at noko slikt kunne skje, seier Peder Steinsåker til NRK Sogn og Fjordane.

Natt til måndag vart i alt 43 menneske evakuerte frå Blakset, Markane og Lote i Nordfjord. Då var dei store nedbørsmengdene ein fare for bebuarane.

Knuste ruta - prøvde å komme seg inn

Peder Steinsåker og kona Alvhild vakna i 02.30-tida av at nokon banka hardt på døra. Straumen var borte, og det høljregna.

Ekteparet opplevde også at noko knuste vindauget deira og prøvde å opne ytterdøra.

Men det var først då dei kom ut på terrassen og såg ut mot fjorden, at dei vart oppdaga av Røde Kors - som var på veg med evakuerte menneske i båt på fjorden.

Då fekk også ekteparet vere med. No er dei innlosjerte på Stryn hotell og i tryggleik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Flaumen sett frå lufta
Foto: Asgeir Reksnes (MMS-foto) / NRK

– Ikkje redde, men det var dramatisk

Overfor NRK er dei glade for at dei vert godt tekne vare på. Dei er skremde over det som har skjedd, men meiner det heile er ein bagatell i høve dramatikken som utspelte seg i Oslo og på Utøya fredag.

– Det har heldigvis gått bra med alle, og det er berre materielle skader, poengterer Peder Steinsåker.

32 personar vart evakuerte frå området Blakset og Markane. Det skal vere 11 personar evakuerte frå Lote.

– Vi er ikkje redde, men det var dramatisk, sa Ranveig Årskog frå Lote til NRK tidlegare på dagen måndag.

Flaum på Blakset i Stryn

SYNFARING: Nokre av dei evakuerte bebuarane på Blakset fekk måndag føremiddag vende heimom ein snartur med båt for å sjå på skadeomrfanget. F.v.: Olav Funderud, Mats Horn og Bjarne Holsen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Fekk sjå skadene

Etter å ha blitt evakuert over til Innvik på den andre sida av Nordfjorden i natt, vende nokre av dei etablerte tilbake for å sjå på skadene måndag føremiddag, blant dei Bjarne Holsen.

– Det første som slår meg er det har vore veldig sterke krefter i sving. Vatnet har fått komme nedover her, og tatt med seg det som det måtte støyte på, fortel Holsen.

Han og dei andre bebuarane i området er framleis evakuerte, men fekk altså vende heimom ein kort tur med båt for å sjå på stoda.

– Her er vegar og store jordstykker og alt mogleg som vatnet berre har rive med seg og drege ned til sjøen, seier ein oppgitt Bjarne Holsen.

Alle vegar ut av bygda er stengde av flaumskader.