Hopp til innhold

Enorme skader på kraftverk

Øydelagde høgspentlinjer, skader på maskineri og ein driftsbygning full av stein er noko av skadane på Steindøla kraftverk etter uvêret i Stryn natt til måndag. Det to år gamle kraftverket har fått skader for millionar av kroner.

Kraftverket fekk store skader då Steindøla vaks dramatisk

Kraftverket fekk store skader då Steindøla vaks dramatisk.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Det var natt til måndag at Blakset i Stryn vart råka av den største nedbørsmengda nokon gong. Elva Steindøla vart tre til fire gonger større enn normalt.

Store skader

– Problemet var at vassføringa var større enn nokon gong. Eg meiner at den ikkje har vore so stor på fleire hundre år, over 200 år gamle kvernhus vart tekne av vatnet, seier Jan Træen, energisjef i Stryn Energi.

Det er store skader på kraftverket. Stasjonsbygningen er delvis vekke og veggar og tak er øydelagde. Han trur at det vil kosta mellom fire og seks millionar kroner å byggja opp att kraftverket.

Stryn Energi må no i gong med eit omfattande oppryddingsarbeid. Ikkje ein gong høgspentlinja stod klar vassmassane. Han reknar med det vil ta mellom éi og to veker å byggja opp att høgspentlina.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kraftinntaket i Steindøla

Slik såg kraftinntaket til kraftverket ut etter flaumen.

Foto: Helge Leif Nordvik / NVE

– Elendig fjorår

Etter ei investering på 15 millionar hadde Steindøla kraftverk vore i drift i knappe to år då uvêret byrja. Etter det elendige første året, vart den nedbørsrike sommaren godt motteken av dei sju grunneigarane, heilt til himmelen opna seg for fullt.

– Eg har aldri sett elva so stor som den var no. Fjoråret var elendig, men so kjem dette her som blir i meste laget. Eg får berre håpa at forsikringa dekkjer det, so me ikkje tapar alt for mykje, seier styreleiar i kraftverket Jon Sigmund Ulvedal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video 50 vart evakuert ved Nordfjorden

50 vart evakuert ved Nordfjorden

– Ekstremt

Helge Leif Nordvik i NVE

Helge Leif Nordvik i NVE.

Foto: Silje Guddal / NRK

Måndag var NVE på synfaring med helikopter over området.
Helge Leif Nordvik i NVE seier han har sett mykje etter mange år i tenesta, men at skadane rundt Steindøla var både overraskande og ekstreme.

– Det var ekstremt og overraskande å sjå at det var gjort so store skader i dei områda der, seier Nordvik, som no vil undersøkje korleis skadane kunne bli så omfattande.

– Det er naturlegvis dei store nedbørsmengdene, men det er mykje som tyder på at det må ha vore ei vassdemme for at vatnet skal gå so høgt opp langs kantane, seier han.

– Kraftverket kan vera årsaka

Nordvik utelukkar ikkje at inntaket til kraftverket har forårsaka ei større vassdemning.

– Noko må ha skjedd. Eg trur eg neppe ville gått so langt opp etter sidene om det ikkje hadde vore ei vassdemme, seier Nordvik.

Den forklaringa har styreleiar Ulvedal inga tru på.

– Om det har vore laga noko vassdemme der oppe, so må det vera i samband med ei gamal bru som er der, og den brua har vore der lenge. Demninga er konstruert slik at om det blir fullt, so renn vatnet over og ned i elva att med ein gong, seier Ulvedal.

Elva vart so stor at folk måtte evakuerast frå området.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Elva kom inn huset

Elva kom inn huset

Rasfare

Snart 90 år gamle Kristina Tvinnereim var ein av dei som måtte reise frå heimen i firetida om natta.

– Eg var so vidt sovna, so kom det nokon å banka i veggen. Det var dottera mi som sa at me må evakuerast, og at dei var redde for ras, seier ho.

I løpet av 12 timar blei det sett nedbørsrekord på 80 millimeter i Stryn.