Hopp til innhold

Fjord1-saka: – Eg trur dei tilsette er veldig glade

I desember gjekk Dagfinn Neteland av som administrerande direktør i Fjord1 i protest mot at Sogn og Fjordane fylkeskommune selte sine aksjar i reiarlaget. Når salet no er stoppa, angrar han framleis ikkje.

Dagfinn Neteland

GLAD DAG: Dagfinn Neteland trur dagen i dag er ein gledeleg dag for mange tilsette i Fjord1. – Eg er veldig glad, seier han.

Foto: Hilde Anita Røyrvik / Fjord1

– Eg og styret gjekk av for å markere at vi ikkje kunne leve med avgjerda som fylket tok. I ettertid ser eg at vi tok rett avgjerd. Eg har ikkje angra ein dag på det, seier Neteland til NRK.no onsdag ettermiddag.

Då vart det klart at verken Torghatten eller Sogn og Fjordane fylkeskommune vil anke Konkurransetilsynet sitt forbod mot salet. Dermed er det omstridde salet lagt daudt.

– Min umiddelbare kommentar er at det er ein gledeleg dag for Fjord1 at dette ikkje vart ein realitet, seier Neteland.

Trur det er ein glad dag for dei tilsette

Det har gått litt over åtte månader sidan fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane med 16 mot 15 røyster bestemte seg for å selje fylkeskommunen sine aksjar i Fjord1. Både i tida før og etter salet rasa debatten.

Mindretalet i fylkestinget var svært kritiske til fleirtalsvedtaket, og fekk dette klaga inn til Konkurransetilsynet. Tidlegare i sommar la dei ned forbod mot oppkjøpet, og ingen av partane vil altså anke denne avgjerda.

Dermed er det no endeleg – salet ikkje blir noko av.

– Fjord1 er eit selskap som klarar seg godt åleine og er dominerande i næringa. For dei å bli underlagt eit kontor lenger nord, det har ikkje vore noko ønskje, seier Neteland.

– Eg er sikker på at dei tilsette i Fjord1 er veldig glade i dag. Og eg er veldig glad.

– God løysing for Fjord1

Pål Lorentzen har sidan desember i fjor vore styreleiar i Fjord1, etter at fleire av styremedlemmene, inkludert styreleiar Reidar Sandal, trekte seg.

Han var med på heile møtet i fylkesutvalet i dag.

– Eg trur avgjerda Torghatten og fylkeskommunen i dag har teke er ei god løysing sett frå selskapet si side. Dette fordi det kan vere med å skape ro i selskapet. Det at ein slepp meir diskusjonar i forhold til Konkurransetilsynet, det trur eg er eit gode for Fjord1, seier han til NRK.no.

Vil ha løysing med Havilafjord

Verken fylkesordførar Jenny Følling frå Senterpartiet eller Ap-politikar Hilmar Høl vil gå inn i korleis den vidare prosessen rundt fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar blir. Neteland er klar på kva han meiner dei bør gjere.

– Eg håpar dei finn ei fornuftig løysing med Per Sævik som ønskjer å kjøpe selskapet. Utover det har eg ikkje noko kommentar til det, seier han.

Per Sævik eig gjennom Havilafjord AS allereie 41 prosent av aksjane i Fjord1. Seinast for nokre veker sidan stadfesta han at han framleis er interessert i å kjøpe fylkeskommunen sine aksjar.