Han vil framleis kjøpe Fjord1-aksjar

Når Torghatten ikkje får lov å kjøpe Fjord1-aksjane frå Fylkeskommunen står Per Sævik i Havilafjord igjen klar til å bla opp for ferjeselskapet.

Per Sævik

INTERESSERT: Per Sævik vil gjerne diskutere kjøp av fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar, men initiativet må kome frå dei, meiner han.

Foto: Arne Flatin/NRK

– Vi ynskte å kjøpe fylkeskommunen sin aksjepost når dei ville selje, og det står framleis ved lag, seier reiar Per Sævik i Havilafjord.

Førre veke vart det klart at Konkurransetilsynet set ein stoppar for Torghatten sine planar om å kjøpe Sogn og Fjordane fylkeskommune sin aksjepost i Fjord1. Sævik eig allereie 41 prosent av aksjane i selskapet, og går rettens veg fordi han meiner selskapet hans har forkjøpsretten til dei resterande aksjane som fylkeskommunen eig i dag.

– Vi hadde oppe finansiering i fjor haust då vi la inn bod, så eg reknar med at det framleis er mogleg å aktivere, seier Sævik.

Tillitsvalde ser positivt på salsnekt

Salet av Fjord1 til Torghatten har vore omstridd sidan fylkestinget med knappast mogleg fleirtal gjekk inn for det. Konkurransetilsynet sa nei fordi dei meiner det vil svekke konkurransen i marknaden.

– Eg har heile tida sagt at eg syns det er feil av fylket å selje no, slik stoda er. Vi ligg med ganske store inntekter framover, i alle fall dei neste to-tre åra. Då vil fylkeskommunen kunne hente ut ganske bra utbyte, seier Daniel Nedrelid, hovudtillitsvald i Fjord1.

M/F Svanøy

OMSTRIDD: Kven som skal vere øvste kaptein på Fjord1-skuta er framleis i det blå. 3. august skal fylkesutvalet diskutere om dei ankar Konkurransetilsynet si avgjerd eller ikkje.

Foto: Rolf M. Sørensen / Fjord1

Fylkeskommunen kan klage på Konkurransetilsynet si avgjerd, men det er førebels uklart kva dei vil gjere. I følgje Firda ser det ut til at fleirtalet i fylkesutvalet vil seie nei til å anke saka vidare. Saka skal opp til diskusjon 3. august, og kva som skjer med selskapet framover er dermed i det blå.

– Eg har sagt heile tida om dei skal selje, så er Sævik den beste av dei som har vore på bana til no. Då trur eg vi framleis vil vere eit eige selskap i Florø som i dag, med arbeidsplassar her i fylket, seier Nedrelid.

Pratar gjerne med Følling

Rettssaka mellom Havilafjord og Sogn og Fjordane fylkeskommune skal etter planen starte 29. august. Sævik er open for å diskutere eit anna utfall med fylkeskommunen.

– Det kan vere det kjem kreative tankar medan ein er i feriemodus. Så eg skal ikkje avskrive at det kan vere aktuelt å prate før rettssaka kjem opp. Hovudansvaret for ein slik samtale vil ligge hjå fylkeskommunen. Vil dei ha samtalar, så stiller vi sjølvsagt opp, seier Sævik.