I første omgang får fylkeskommunen 690 kroner millionar kroner for aksjeposten. Den siste halve milliarden får dei berre om Torghatten kjøper heile aksjeposten og om reiarlaget oppnår gode driftsresultat.
I første omgang kjøper Torghatten halvparten av aksjane i fylkeskommunen sitt eigarselskap. Men avtalen inneber at dei også har opsjon på å kjøpe resten av aksjane innan ein bestemt tidsfrist. Det nemnde eigarselskapet eig igjen 59 prosent av aksjane i Fjord1.
Knapt fleirtal
Det blei eit knappast mogleg fleirtal for å gjennomføre fylkesrådmannen si tilråding om sal til Fjord1 sin største konkurrent.
Høgre si gruppe på fylkestinget blei splitta i to før avrøystinga om Fjord1-saka. Noralv Distad og Sonja Øvre-Flo røysta for eit sal, medan Bjørn Hollevik og Anne Lilleaasen ville ha saka utsett.
– Eg er fornøgd med at vi har landa ei sak som har gått i fjorten månader, som selskapet synest har teke alt for lang tid og som har sett oss som politikarar på prøve, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp).
- Les også:
- Les også:
SKUFFA: Bjørn Hollevik (H) måtte innsjå at Høgre-gruppa blei delt i to under handsaminga av Fjord1-saka.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKIkkje uroa for rettsak
Medeigar Havila, med dagleg leiar Per Sævik i spissen, har varsla søksmål dersom dei ikkje får nytte seg av forkjøpsretten av fylkeskommunen sine Fjord1-aksjar. Om naudsynt har dei varsla at dei vil saka heilt til høgsterett. Det trugsmålet står framleis ved lag.
– Vi har ikkje tapt motet sjølv om fylkestinget med ei stemme i overvekt har gjort vedtak i dag. Vi annonsert lenge at vi vil teste saka i retten og det blir arenaen no. Vi meiner at måten fylkeskommunen har unngått vår forkjøpsrett på ikkje er grei, seier Per Sævik til NRK rett etter at vedtaket vart kjent.
Det uroar ikkje fylkesordføraren.
BREIE SMIL: F.v. fylkesrådmann Tore Eriksen, fylkesordførar Jenny Følling, Frank Willy Djuvik (Frp) og Aleksander Øren Heen (Sp).
Foto: Bård Siem / NRK– Vi har fått fleire utgreiingar på forkjøpsretten frå advokatar som òg har praktisert i Høgsterett, så vi er rimeleg trygge på det. I den grad det blir ei rettsak, så er det mellom Torghatten og Havila, seier ho.
- Les også:
- Les også:
Skuffa Ap-topp
Hilmar Høl, fylkestingsrepresentant og leiar for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane, er skuffa og uroa over at fleirtalet bestemte for å selje Fjord1 til Torghatten.
SKUFFA: Fylkesleiar for Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, likar dårleg at ei så stor sak blir avgjort med eit så tynt fleirta.
Foto: Bård Siem / NRK– Vi går inn i den kanskje største transaksjonen fylkeskommunen nokon gong har gjennomført med éi stemme overvekt, og eg er veldig uroa for kor grunnlaget for det fleirtalet ligg, seier han.
Partifelle Henrik Oppen gav tydeleg beskjed under behandlinga av saka i fylkestinget at Arbeidarpartiet truleg vil krevje såkalla lovlegheitskontroll av sals-vedtaket som er venta seinare i ettermiddag.
Fleire var interessert
Både Stein Malkenes (MDG) og Noralv Distad (H) stadfesta måndag ettermiddag at NSB og andre finansielt sterke aktørar også er eller har vore interessert i å kjøpe Fjord1.
– Eg har snakka med Dagfinn Neteland i Fjord1, og eg fekk lov av han til å stadfeste at selskapet har vore i samtalar med konsernsjef Geir Isaksen i NSB, sa Stein Malkenes frå talarstolen i fylkestinget.
Han kravde også at Noralv Distad frå Høgre skulle stadfeste at også han har snakka med Isaksen i NSB, noko Distad gjorde.