Normal

Får støtte sentralt når dei seier nei til samanslåing

Sogn og Fjordane Arbeidarparti får støtte frå partiet sentralt når dei no seier nei til samanslåing med Hordaland. Ap vil ikkje tvinge saman fylke som ikkje sjølv vil.

Helga Pedersen (Ap)

VIL STEMME IMOT: Helga Pedersen i Ap seier dei vil stemme imot ei samanslåing no. Heller ikkje om dei kjem i regjering vil dei tvinge saman fylke som ikkje sjølv vil det.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Vi vil stemme imot samanslåing på det noverande tidspunkt, men vi er positive til fylkessamanslåing på lenger sikt, seier kommunalpolitisk talskvinne, Helga Pedersen.

NRK skreiv i ein tidlegare versjon av saka at Arbeidarpartiet sentralt er uklare på korleis dei vil stille seg til ei samanslåing til hausten. I ein e-post til NRK kjem Pedersen med denne presiseringa, og NRK har difor gjort endringar i artikkelen.

– Arbeidarpartiet vil stemme imot bruk av tvang når saka skal behandlast i Stortinget, og vi kjem heller ikkje til å gjennomføre bruk av tvang dersom vi kjem i regjering. Sogn og Fjordane kjem altså ikkje til å bli slått saman med Hordaland med Ap i regjering, dersom Sogn og Fjordane sjølv ikkje ønskjer det. Samtidig ønskjer vi å tilføre det regionale folkevalde nivået fleire oppgåver, og då er det opp til fylkestinget i Sogn og Fjordane å avgjere om det endrar saka for deira vedkommande. Vi kjem uansett til å respektere fylket sitt syn i denne saka.

Meiner det ikkje er frivillig lenger

Det har gått fire månader sidan det i januar vart signert ein intensjonsavtale om å slå saman Hordaland og Sogn og Fjordane. To veker seinare gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for ei frivillig samanslåing, men no varslar Sogn og Fjordane Arbeidarparti at dei snur – dei vil stemme imot.

Bakgrunnen er blant anna at det nye vestlandsfylket ikkje har fått fleire oppgåver, slik intensjonen var.

– I avtalen stod det at Fylkesmannen skulle bli verande på Leikanger, men der har ingenting blitt bestemt. Vi må sjå at regionen vert tilført noko i form av statlege arbeidsplassar. Om vi ikkje får det kan vi like godt stå aleine, sa leiar i Sogn og Fjordane Ap, Hilmar Høl, til NRK tidlegare denne veka.

Hilmar Høl

MEINER LITE ER GJORT: Hilmar Høl, leiar i Sogn og Fjordane Ap, meiner lite er gjort for å tilføre den nye regionen nye oppgåver. Dermed meiner han og partifellane at samanslåinga av fylka ikkje lenger er frivillig.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Samtidig varslar heile Ap-gruppa på Stortinget at også dei vil stemme imot når samanslåinga skal vedtakast på tinget 8. juni.

– Vi kjem til å lytte til Sogn og Fjordane. Vi har vore positive til ei frivillig samanslåing, men samanslåinga her er basert på ein intensjonsavtale som føreset nye oppgåver, seier Pedersen.

Kan bli samanslåing likevel

Men det er enkelt å love nei til samanslåing no, når det er sikkert at Regjeringa har fleirtal for ei samanslåing av fylka.

Om Ap blir største parti og kjem i regjering frå hausten av, kan det likevel bli samanslåing av fylka. Pedersen understrekar at dei ikkje vil slå saman fylke med tvang, dersom fylka det gjeld sjølve er imot.

– Når Ap kjem i regjering ønskjer vi å tilføre fleire oppgåver til dei regionale folkevalde. Då kan det tenkast at Hordaland og Sogn og Fjordane på det grunnlaget likevel slår seg saman.

Sp og SV vil også stemme imot

HEIDI GRENI, Holtålenlista

SENTERPARTIET: Heidi Greni seier dei er imot tvangssamanslåing av fylke.

Karin Andersen

LOVAR SKILSMISSE: Karin Andersen i SV.

Foto: Stig Weston / SV

Arbeidarpartiet kjem ikkje i regjering utan Senterpartiet.

– Vi er imot tvangssamanslåing av fylke. Både Hordaland og Sogn og Fjordane hadde ein føresetnad om nye oppgåver. Det meiner vi ikkje er oppfylt og vil stemme imot, seier stortingsrepresentant for Sp, Heidi Greni.

Dersom SV er over sperregrensa, og blir med i eit regjeringssamarbeid med Sp og Ap, er også dei klare i si sak.

– SV er imot tvangssamanslåing. Om nokon har sagt ja til samanslåing og ikkje får innfridd føresetnadane, kjem vi til å gå imot samanslåing. Til hausten har vi sagt at dei fylka som er slått saman med tvang, og ber om skilsmisse, skal få det, seier SV si kommunalpolitiske talskvinne, Karin Andersen.

Vegopning på Bergum i Førde kommune