Hopp til innhold

No har dei vedteke nedlegging av Sogn og Fjordane

Sidan 1919 har fylket hatt namnet Sogn og Fjordane. I dag har eit klart fleirtal av fylkespolitikarane røysta for å leggje ned fjordfylket.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

DEI UTVALDE: Fylkestingsrepresentantane i Sogn og Fjordane går i dag inn for samanslåing med Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fylkesordførarane har allereie vorte samde, og i går vart fylkesutvalet også samde om å gje tommel opp til ei fylkessamanslåing. I dag har fylkestinget gitt si velsigning.

Etter at Rogaland trekte seg frå avtalen med dei to andre vestlandsfylka, er det no Sogn og Fjordane og Hordaland som har forhandla fram ein avtale mellom seg. Det er den avtalen fylkespolitikarane i dag skal røyste over.

– Dette er ein god avtale som tek omsyn både til dei særlege utfordringane som distrikta har, og til dei behova som større byar har, sa fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), etter at avtalen var i boks.

Nynorsk blir språket

Det er ein avtale som mellom anna seier at hovudsetet i det nye fylket skal liggje i Bergen, at nynorsk skal vere einaste språk, og at dagens Sogn og Fjordane skal få ansvaret for fleire viktige oppgåver.

Les også Bergen blir hovudstad – Nynorsk blir språket

Førre gong samanslåing av fylka var på agendaen i fylkestinget var debatten lang og oppheita. Om ein skal dømme på møtet i fylkesutvalet i går, kan det hende det går raskare denne gongen.

Fylkestinget tek til klokka 13 i dag, og du kan følgje møtet her på våre nettsider. I morgon står fylkestinget i Hordaland for tur, og dei skal ta stilling til akkurat det same.

Noralv Distad, Sigurd Reksnes, Jenny Følling

SAMLA SEG: Det var eit samla fylkesutval som røysta ja til avtalen mellom Hordaland og Sogn og Fjordane i går. Det har likevel vore mykje usemje i fylkestinget knytt til fylkessamanslåing.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Samanslåing berre på visse vilkår

Det var eit samrøystes fylkesutval som gav sitt ja til avtalen mellom dei to fylka, men politikarane stilte også visse krav som dei vil ha innfridd om samanslåinga skal bli noko av.

– Dersom det ikkje blir ei reell reform eller reell tilføring av oppgåver, så dett botnen ut av vedtaket, så fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes (Ap) etter fylkesutvalsmøtet i går.

Det tyder at politikarane berre er positive til ei samanslåinga av dei to fylka dersom Stortinget også slår saman andre fylke i landet, og dei nye fylka får tilført fleire oppgåver enn det fylkeskommunane har i dag.