Hopp til innhold

Bergen blir hovudstad – nynorsk blir språket

Bergen blir hovudstad i det nye storfylket Vestlandet og språket blir nynorsk. I dag signerte fylkesordførarane avtalen.

Signering

SAMDE: Etter to dagar med forhandlingar vart forhandlingsleiarane Pål Kårbø (KrF) og Jenny Følling (Sp) samde

Foto: Mette Anthun / NRK

Forhandlingsutvala i Hordaland og Sogn og Fjordane har vorte samde om å slå saman dei to fylka til eit nytt storfylke dei vil kalle Vestlandet.

Etter to dagar med forhandlingar har toppolitikarar og fylkesrådmenn i Hordaland og Sogn og Fjordane vorte samde om at nynorsk skal vere administrasjonsspråk, Bergen skal vere administrasjonssenter, og oppgåver og arbeidsplassar skal elles delast mellom dagens to fylke.

– Dette er ei god avtale som tek omsyn både til dei særlege utfordringane som distrikta har, og til dei behova som større byar har, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp).

Utgangspunktet for forhandlingane har vore avtalen som vart inngått mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. De tyder at ein del ting ligg i botnen frå den avtalen, mellom anna at den nye fylkesmannen skal liggje på Leikanger.

Bergen by i timelapse av Morten Rustad

BLIR HOVUDSETE: Bergen blir regionsenter for det nye Vestlandet fylke.

Foto: Morten Rustad

Rogaland braut forhandlingane

Seint i fjor vart det kjent at Rogaland braut forhandlingane, og ikkje ville vere med på eit vestlandsfylke. Utfordringa no har difor vore å fordele dei oppgåvene og arbeidsplassane som tidlegare var tildelt Rogaland og Stavanger.

Fagmiljø og arbeidsplassar knytt til leiing av kollektivtransport skal leggjast til Bergen, medan næring og opplæring skal delast mellom dei to fylka. I Sogn og Fjordane skal det sitje ei næringsadministrasjon som skal jobbe særskilt med distrikta. På same viset skal det opprettast ei strategisk opplæringsavdeling som skal ha ansvaret for leiing av vidaregåande skular i distrikta. Den skal også liggje i dagens Sogn og Fjordane.

– Dette er nok ein avtale som har ein klårare distriktsprofil enn den førre avtalen der Rogaland var med, men eg trur folk i byane vil vere fornøgde likevel, seier fylkesvaraordførar i Hordaland Pål Kårbø (KrF).

Jenny Følling, Noralv Distad, Åshild Kjelsnes

NØGDE: Delegasjonen til Sogn og Fjordane var godt nøgde at dei var ferdige med forhandlingane med Hordaland i dag.

Foto: Ingvild Ramstad

Krevjande dagar

Kårbø har leia forhandlinga for Hordaland, og han skildrar dei to siste dagane som krevjande, men ryddige.

– Det er ikkje naudsynt slik at det er enklare å forhandle når ein er berre to fylke. Det har vore krevjande, men eg tykkjer vi har kome fram til gode løysingar.

Skal til godkjenning i fylkestinga

Vegen vidare no er at intensjonsavtalen skal til handsaming i dei to fylkestinga, før den vert send vidare til kommunaldepartementet.

– Eg kjenner meg trygg på at denne avtalen kjem til å bli godkjent i fylkestinga. Endringar vil alltid vere kontroversielle hos nokre, men dette er ei god avtale med gode løysingar. seier fylkesvaraordførar i Hordaland Pål Kårbø.

Signaturane til Jenny Følling og Pål Kårbø på nye Vestlandet

SIGNERT: Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane og fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) i Hordaland sette penn på papir for å markere semja om nye Vestlandet.

Foto: Ingvild Ramstad / Sogn og Fjordane fylkeskommune