Hopp til innhold

Fantastiske grasavlingar til bøndene i år

Dei to siste åra har mange bønder slite med å få nok fôr til dyra sine. I år er situasjonen ein heilt anna. I år har mange så mykje at dei kan selje noko av det.

Godt år for bøndene

GODE AVLINGAR: Etter to magre år kan Vestlandsbonden igjen glede over gode grasavlingar.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– I år trur eg dei aller fleste kan smile når dei tenker kva dei har fått av rundballar og i silo, seier Anders Felde, som er fylkesleiar i bondelaget i Sogn og Fjordane.

I har bøndene endeleg fått ein god førsteslått og mengdene for andreslåtten teiknar også til å bli svært bra.

– Kvaliteten er kanskje ikkje så god på andreslåtten, men etter to trøblete år på Vestlandet er det først og fremst mengde vi treng, seier Felde.

Tørke og avlingssvikt

Anders Felde, Sogn og Fjordane Bondelag

VIL HA BUFFER: Fylkesleiar i bondelaget, Anders Felde.

Foto: PRIVAT

Dei to siste åra har svært mange bønder måtte basere seg på å kjøpe grovfôr etter at eigne avlingar har slått feil. Fleire måtte rett og slett redusere buskapen. På vårparten i år var det difor mange som frykta ein reprise av fjorårets tørkesommar.

– I fjor var det svært mange som fekk altfor lite fôr. Det førte til store ekstrakostnader til innkjøp av gras og halm eller kraftfôr. I år får Vestlandsbonden store grasavlingar og det var svært viktig, seier Felde.

Har å selje i år

I Eid kan mjølkebonde Tom Even Svanevik Langø glede seg over fulle lader etter ein godt sommar.

– Førsteslåtten i år var svært bra, medan andreslåtten nok er meir som i eit normalår, seier Langø.

Tom Even Svanevik Langø

GOD FØRSTESLÅTT: Tom Even Svanevik Langø

Foto: Privat

Med 20 mjølkekyr på båsen trengst det fôr. Sjølv var han ein av dei som klarte seg gjennom tørkesommaren i fjor utan å måtte kjøpe fôr.

– Eg var så heldig at eg fekk tak i ein gard som ikkje hadde vore slegen på mange år, og det berga meg i fjor.

I år har han avlingar som er større enn det han sjølv har bruk for

– I år har eg litt til overs som eg kan selje, ja, seier Langø.

– Må ha ein buffer

Etter to tøffe år for vestlandsbøndene er bondelagsleiar i Sogn og Fjordane oppteken at no når avlingane er gode bør bøndene også prøve å bygge seg opp ein buffer.

– Mange har no auka produksjonen mykje slik at det går mykje fôr gjennom heile året. Dei tenker gjerne at så lenge eg har fôr fram til neste sommar så er det godt nok. Det har dei siste åra vist at det er det ikkje. I staden bør vi prøve å få ein buffer slik at vi har fôr fram til august – september. Då står vi sterkare i dårlegare år, seier Felde.