– Viss det ikkje kjem nedbør i løpet av to veker kan det fort verte alvorleg. Dette kan gå like gale som i fjor, seier Dag-Arne Eide, fagleiar for jordbruk hos Norsk Landbruksrådgiving vest.
Etter fjorårets tørke vil skadeerstatningane til bøndene kome til å passere to milliardar kroner. Det er 16 gonger meir enn førre rekordutbetaling frå 2012.
Dårleg effekt av gjødsla
Dag-Arne Eide er bekymra og fryktar ein reprise av fjoråret. I første omgang reduserer det tørre vêret i april effekten av gjødsla.
– Når det ikkje kjem vatn kan gjødsla danne skorpe på jorda og hindre grasveksten. Det ligg dårleg an no.
Håpar på regn
Frukt- og bærprodusentane har allereie sett i gong med vatning, men det går ikkje for alle bøndene.
– Det er urealistisk at alle skal vatne grasareala sine, og då byrjar det å tørke. Frø og gjødsel skulle optimalt sett hatt vatn no, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.
– Vi får folde våre hender og håpe på at det kjem regn om ikkje altfor lenge, seier han.
For tidleg å vere bekymra
Leiar i Norges bondelag, Lars Petter Bartnes, ser ikkje mørkt på situasjonen enno.
– April har gjeve gode forhold for våronna, det har vore heilt optimalt og vi har fått ein tidleg start i store delar av landet, seier han.
Men, han har også den lange og tørre sommaren friskt i minne – som så mange andre.
– Mang ein gardbrukar kjenner på det vi opplevde i fjor. Og det er klart det er behov for nedbør i heile Sør-Noreg no. Vi følgjer med frå dag til dag, men det er for tidleg å vere bekymra enno, seier Bartnes.
- Les også: Fryktar ny tørkesommar