Hopp til innhold

Fôrkrise gjer at han må slakte 45 av 50 sauer

Mangel på grovfôr gjer at gardbrukar Andreas Wollnick Wiese frå Sogn må slakte ned 90 prosent av sauene sine.

Andreas Wiese ved sauene sine

TRIST: Gardbrukar Andreas Wollnick Wiese frå Skjolden i Sogn må slakte nesten alle sauene sine fordi han har for lite grovfôr.

Foto: Arne Rebni Øvreås

– Eg kunne kjøpt av det importerte fôret som blir tilbydd, men det er altfor kostbart, sukkar Wollnick Wiese. Han driv eit gardsbruk med mjølkegeiter og sauer i Skjolden i indre Sogn. Området er sterkt råka av mangel på grovfôr på grunn av altfor lite nedbør tidlegare i sommar.

– Heller ikkje den tredje slåtten vart så bra som eg trudde. Den totale avlinga kjem difor på om lag det halve av eit normalår, seier han.

Sidan mjølkegeitene er den viktigaste inntektskjelda på garden, har Wollnick Wiese bestemt seg for å skjerme dei. I staden går det ut over sauene.

– Vi har vanlegvis om lag 50 vinterfôra sauer. Til vinteren vil eg sitje igjen ned mot fem. Eg har ikkje fôr til fleire, seier han.

– Men vil det ikkje lønne seg å kjøpe grovfôr for å hindre nedslakting?

– I sauehaldet er det på ingen måte økonomi til å kjøpe rundballar til 1500 kroner per stykk. Det går berre ikkje.

Opprørt over høge fôrprisar

Leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde, beklagar på det sterkaste at Wollnick Wiese må slakte ned store delar av sauebesetninga.

– Eg hadde inderleg håpa at vi skulle unngå nedslakting og vil oppmode dei som skulle ha grovfôr til overs til å hjelpe til. Det får langtidsverknader for drifta dersom ein må slakte ned mesteparten av morsdyra, seier han.

Anders Felde på veg inn i traktoren

SINT: Rundballeprisar på over 1000 kroner er i dei fleste tilfelle hinsides all sunn fornuft. Det kan verke som enkelte prøvar å tene pengar på andre si ulukke, seier leiar i Sogn og Fjordane bondelag, Anders Felde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Felde er opprørt over grovfôrprisane som enkelte aktørar no opererer med.

– Rundballeprisar på over 1000 kroner er i dei fleste tilfelle hinsides all sunn fornuft. Det kan verke som enkelte prøvar å tene pengar på andre si ulukke. Ein rundball burde ikkje ha kosta meier enn opp mot 700 kroner, seier han.

Felde fortel at fôrmangelen gjer at flesteparten av bøndene må tilpasse drifta, men han har høyrd om få som må slakte ned store delar av buskapen.

Importerer frå Island

Kommunikasjonssjef i Felleskjøpet Agri, Thomas Skjennald, fortel at dei har inngått avtale om import av grofôr frå Island. I første omgang er det snakk om 30.000 rundballar med gras.

– Ein gong i neste veke vil dei første rundballane frå Island kome til norske hamner, seier han.

Felleskjøpet opererer med ein pris på om lag 1500 kroner per rundball. Er ikkje dette veldig dyrt?

– Eg har full forståing for at dette er kostbart for bøndene. Men kostnadene med å frakte rundballane frå Island til Noreg er så store at prisen blir høg. Felleskjøpet tener ikkje ei krone på dette. Vi har ingen avanse, seier han.

Skjennald påpeikar at det truleg vil bli endå dyrare å slakte ned viktige delar av buskapen.

– Det vil ta tid å bygge opp igjen ei besetning og ein vil tape pengar over tid, seier han.

Skjennald fortel at det er mangel på grovfôr i store av Sør-Noreg, og at det er under halvparten av normal avling i dei hardast råka områda. Ei rekkje aktørar importerer no store mengder grovfôr frå ulike land.