Hopp til innhold

Enorm glede over at Menneskerettsdomstolen skal behandle barnevernssak

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har bestemt seg for å behandle den omstridde barnevernssaka i Naustdal. – Ein gledas dag, seier familien sin representant.

Illustrasjonsfoto

STORT ENGASJEMENT: Barnevernssaka i Naustdal har ført til demonstrasjonar i heile verda.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

Rådmann i Naustdal kommune, Øyvind Bang-Olsen, har ikkje noko imot at saka blir prøvd i Menneskerettsdomstolen.

– Det er positivt at dei som ønskjer å få saka vurdert får det. At vi har eit slikt system i Europa er bra, seier han.

Det var Rett24 som først omtalte saka handlar om ein norsk-rumensk pinsevenn-familie, der dei fem borna deira vart plasserte i tre ulike fosterheimar etter at barnevernet i Naustdal skulda foreldra for fysisk avstraffing av borna.

Barnevernet meinte saka var så alvorleg at dei ville ta borna vekk frå foreldra på permanent basis. Vedtaket førte til store protestar både nasjonalt og internasjonalt mot norsk barnevern.

– God omsorgskompetanse

Ein av dei som engasjerte seg sterkt i saka var psykologspesialist Einar Salvesen som karakteriserte barnevernet si handtering som «ein tragedie og eit overgrep mot borna».

Då ein omfattande fagkunnig rapport slo fast at borna måtte få kome attende til foreldra så fort som råd, fekk foreldra borna tilbake. I rapporten vart det mellom anna slått fast at foreldra hadde vore audmjuke og lærevillige, og at dei gjennomgåande har god omsorgskompetanse.

Konklusjonen i rapporten var krystallklar: «Etter en samlet vurdering mener de sakkyndige at barnas omsorgsbehov i overskuelig fremtid vil bli best dekket ved at de alle sammen flytter tilbake til foreldrehjemmet».

Vedgjekk å ha klapsa borna

Samtidig vedgjekk foreldra at dei hadde klapsa borna som ein del av oppdraginga, noko dei i rapporten fortalde at dei angra sterkt på. Klapsinga av borna førte til at det vart teke ut tiltale om oppdragarvald mot foreldra. Då rettssaka skulle starte i Sogn og Fjordane tingrett for to år sidan møtte ikkje foreldra opp. I mellomtida hadde dei teke med seg alle borna og flytta til Romania.

Inger Elisabeth Baunedal

GLAD: Inger Elisabeth Baunedal, er søster til mora og tante til dei fem borna.

Foto: NRK

– Det er svært gledeleg at Menneskerettsdomstolen i Strasbourg no vil behandle saka, seier Inger Elisabeth Baunedal. Ho er søster til mora og tante til dei fem borna.

NRK har prøvd å få kontakt med familien utan å lukkast.

Håper sanninga vil sigre

Baunedal meiner sanninga i saka ikkje har kome fram. No håper no at rettferda vil sigre.

– Søstera mi, mannen hennar og dei fem barna deira vart utsette for eit overgrep frå barnevernet då borna deira på feilaktig grunnlag vart tekne vekk frå foreldra, seier ho.

Ho påpeikar at barnevernet i Naustdal har ansvaret for den uretten familien har vore utsett for.

– Eg håper det blir slått fast i Menneskerettsdomstolen at barnevernet har det fulle ansvaret for den uretten som vart gjort, seier søstera.

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

MENNESKERETTSDOMSTOLEN: Øyvind Bang-Olsen er rådmann i Naustdal.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen har aldri teke sjølvkritikk for måten barnevernet i kommunen har handtert saka. Det gjer han heller ikkje i dag. Han vil ikkje svare på om han fryktar kommunen vil tape saka i Menneskerettsdomstolen.

10 saker blir behandla i domstolen

På grunn av mistillit mot barnevernet og av frykt for rettsforfølging vil ikkje foreldra kome tilbake til Noreg.

Saka frå Naustdal er den 10. norske barnevernssaka som skal behandlast av Menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Domstolen skal mellom anna vurdere om Noreg har brote artikkel 8 i den Europeiske Menneskerettskonvensjonen om «retten til eit familieliv»

Så langt er tre av sakene avgjorde. Av desse er Noreg felt i ei av dei.