Hopp til innhold

Menneskerettsdomstolen vil ikkje behandle barnevernssak

Menneskerettsdomstolen i Strasbourg har bestemt seg for ikkje å behandle den omstridde barnevernssaka i Naustdal, der eit foreldrepar vart fråtatt fem born.

Illustrasjonsfoto

STORT ENGASJEMENT: Barnevernssaka i Naustdal har ført til demonstrasjonar i heile verda.

Foto: Berg-Rusten, Ole / NTB Scanpix

– Vi er skuffa over at Menneskerettsdomstolen ikkje ville behandle saka. Men det viktigaste for oss var at vi fekk alle barna våre tilbake i 2016, seier det norsk-rumenske foreldreparet på telefon frå Romania.

Barnevernet skulda foreldra for oppdragarvald og dei fem borna vart akuttplasserte i ulike fosterheimar. Etter kvart vart foreldra også tiltalte for oppdragarvald. Men etter ein psykolograpport som kom med knusande kritikk mot det lokale barnevernet, fekk foreldra etter nokre månader ungane tilbake igjen.

Foreldra klaga saka inn til Menneskerettsdomstolen i Strasbourg, som no har avvist saka fordi ho ikkje har gått gjennom det norske rettssystemet. Då saka skulle opp i tingretten i 2017, møtte ikkje foreldra.

Tørr ikkje kome tilbake til Noreg

Foreldra fortel at dei var usikre på om dei ville klage saka inn for Menneskerettsdomstolen fordi det er alvorleg å opprette sak mot landet Noreg.

– Men vi følte vi ikkje hadde noko val sett i lys av den alvorlege uretten vi oppleve. Barnevernet burde ha vedgått dei grove feila dei gjorde, men det har dei aldri gjort, fortel mora.

Ho legg til at tilliten til det norske barnevernet ikkje eksisterer lenger.

– Vi tørr rett og slett ikkje å kome tilbake til Noreg med borna våre. Det er sårt og vondt og vi lengar etter familien i Noreg. Samtidig har vi det veldig bra i Romania, fortel mora.

– Burde anka i Noreg

– Foreldra anka ikkje tingrettsdomen vidare. Det er eit krav for at menneskerettsdomstolen skal sjå vidare på slike saker, seier Marius Emberland ved Regjeringsadvokatene.

Saka om den norsk-rumensk pinsevenn-familien frå Naustdal i Sunnfjord som mista alle fem borna sine fekk enorm merksemd for fire år sidan.

I over 20 land var det store protestar mot at borna vart tekne vekk, fleire stader med tusenvis av deltakarar.

Knusande kritikk mot barnevernet

Samtidig som barnevernet meinte borna måtte flyttast vekk frå foreldra på permanent basis, vart det lagt fram ein omfattande sakkunnig rapport som kom med kritikk mot nettopp barnevernet.

Det vart poengtert at fosterheim ville vere ein «vesentlig forringelse» av barna sitt omsorgstilbod. Vidare vart det vist til at foreldra var «ydmyke og lærevillige som satte barnas behov foran sine egne», og at dei gjennomgåande hadde god omsorgskompetanse.

Konklusjonen i rapporten var klar:

«Etter en samlet vurdering mener de sakkyndige at barnas omsorgsbehov i overskuelig fremtid vil bli best dekket ved at de alle sammen flytter tilbake til foreldrehjemmet».

Dåverande Naustdal kommune (som no er ein del av Sunnfjord) prøvde å få kjent rapporten ugyldig. Men kommunen nådde ikkje fram, og alle dei fem borna fekk etter nokre månader kome tilbake til foreldra sine.

Vedgjekk å ha klapsa borna

Foreldra vedgjekk at dei hadde klapsa borna som ein del av oppdraginga, men dei sakkunnige meinte foreldra hadde endra haldning og at det ikkje var fare for at det ville skje igjen. «Ingen av foreldrene tror på hensiktsmessigheten av fysisk grensesetting», heitte det i rapporten.

Saka tok ei ny og dramatisk vending då rettssaka skulle opp Sogn og Fjordane tingrett for fire år sidan.

Foreldra møtte ikkje opp og hadde i staden teke med seg dei fem borna og flytta til Romania. Foreldra grunngav flyttinga med at dei ikkje stolte på norsk barnevern og på norsk rettsvesen. Dei meinte at borna ville få det betre i Romania.

I eit brev til kommunen skreiv foreldra at det lokale barnevernet har vore «uprofesjonell, empatilaus og umenneskeleg». Det lokale barnevernet meiner dei ikkje har gjort noko feil og har heile tida avvist alle former for kritikk.

Ein av dei som engasjerte seg sterkt i saka var psykologspesialist Einar Salvesen som karakteriserte barnevernet si handtering som «ein tragedie og eit overgrep mot borna».

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) fortel at han tek avgjerda i Menneskerettsdomstolen til etterretning. Ut over dette har han ingen kommentar. Sunnfjord-ordførar, Olve Grotle (H), ønskjer ikkje å kommentere saka fordi den ikkje vart realitetshandsama i Menneskerettsdomstolen.