Naustdals-foreldra flyttar frå barnevernet

Det norskrumenske foreldreparet i Naustdal, som er tiltalte for vald mot barna sine, flyttar frå det norske barnevernet. Familien er no i Romania og kjem ikkje tilbake til Norge.

Barnevern-demonstrasjon i Romania

REAKSJONAR I UTLANDET: Barnevernssaka i Naustdal har vekt sterke reaksjonar både i og utanfor Norge. No flyttar familien til Romania.

Foto: Barnevernsaksjonen si Facebook-side

Situasjonen rundt foreldreparet i Naustdal i Sunnfjord og dei fem små barna deira har teke ei dramatisk vending. NRK kan no fortelje at heile familien oppheld seg i faren sitt heimland, Romania, og at dei ikkje kjem attende til Norge.

Foreldra er tiltalte for såkalla oppdragarvald .

Dei fem barna, der den yngste var baby, vart i november i fjor flytta over fosterheim. I byrjinga juni i år fekk dei ungane attende etter vedtak i fylkesnemnda for barnevernssaker.

I mellomtida hadde det vore omfattande protestaksjonar mot norsk barnevern både nasjonalt og internasjonalt. Saka i Naustdal vart i ulike internasjonale media brukt som skrekkdøme på kor lett det er å bli fråtatt barna i Norge.

Barnevernet i Naustdal har vore uprofesjonell, empatilaus og umenneskeleg.

Foreldra i Naustdal

Krast brev

NRK har vore i kontakt med foreldra som oppheld seg i Romania. Dei ønskjer ikkje å la seg intervjue, men viser til eit brev dei har send Naustdal kommune.

Advokat Ragnhild Torgersen

INVADERANDE: Faren sin advokat, Ragnhild Torgersen, seier at barnevernet har vore invaderande og ikkje gjeve familien ro.

Foto: NRK

I brevet kjem dei med massiv kritikk mot barnevernet. Foreldra hevdar at barnevernet sin handlemåte har vore øydeleggjande for heile familien og at barnevernet har traumatisert barna deira.

Foreldra skriv mellom anna at dei har opplevd barnevernet som "uprofesjonell, empatilaus, umennskeleg og utan evne til å sjå verdien av familien og dei viktige band som er mellom foreldra og barn".

Meiner barna har det best i Romania

Foreldra meiner barna har utvikla seg i positiv rekning medan dei har vore på ferie i Romania.

I brevet skriv dei mellom anna:

«Under opphaldet i Romania har vi sett framgang og trivsel hos barna våre. Her har dei kunne senka skuldrene og føle seg trygge på at dei ikkje skal skiljast frå kvarandre og at dei skal bu på same stad som oss. Ingen kjem brått og hentar dei og held dei skilde frå familien på ubestemt tid».

Barna har sjølv uttrykt glede over at dei ikkje skal flytte attende til Naustdal, heiter det også i brevet.

Barnevernet avviser kritikken

Rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen under debatten

AVVISER KRITIKK: Rådmann i Naustdal Øyvind Bang-Olsen meiner barnevernet i Naustdal har handla riktig.

Foto: NRK

Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang Olsen, avviser kritikken frå foreldra.

– Vi tek til vitande at familien har flytta frå Naustdal og eg har forståing for at prosessen har vore utfordrande for dei. Men vi er trygge på dei faglege vurderingane vi har gjort her, seier han.

– Korleis kan du vere trygg på dei faglege vurderingane når retten avgjorde at barna skulle attende til foreldra?

– Vi valde å inngå ein avtale med foreldra i samband med handsaminga i fylkesnemnda. Vi gjorde det med bakgrunn i ei skjønnsmessig vurdering ut frå at det vil vere mest skånsamt og til barna sitt beste. Dette er ei vurdering som barnevernet skal gjere.

– Er det mest skånsamt for barna å ta dei ut av heimen i månadasvis for så å levere dei tilbake igjen?

– Dette skjer i mange saker der ein har akuttplasseringar. Når barnevernet står i slike situasjonar må dei på den eine sida trygge barna. På den andre sida skal dei hjelpe foreldra på veg. Dette er veldig vanskelege saker, seier han.

Vi er trygge på dei faglege vurderingane våre.

Øyvind Bang Olsen

Rømmer ikkje frå straffeansvar

Faren sin advokat, Ragnhild Torgersen, fortel at foreldra i løpet av sommaren har tenkt mykje på om dei skulle flytte til Romania.

– Når dei dei slutt bestemte seg for å flytte, kjem det av dei svært dårlege erfaringane dei har med barnevernet i Naustdal, seier ho.

Så dei flyttar ikkje for å unngå straffeforfølging i Norge?

– Nei, på ingen måte. I avtalen med barnevernet var det eintydig klart at barnevernet skulle ha ei tilbaketrekt og koordinerande rolle overfor familien og ulike hjelpeinstansar. Men det klarte ikkje barnevernet å overhalde. I staden har dei vore veldig invaderande i heimen og gjeve familien lite ro og fred, seier ho.

Foreldra har ikkje reist frå Norge for å unndra seg straffeansvar. Dei vil møte opp til rettssaka.

Ragnhild Torgersen

Vil foreldra kome tilbake til Norge for å delta i rettssaka?

– Ja, det vil dei sjølvsagt.

– Foreldra er tiltalte for å ha utøvd vald modt barna. Er ikkje det alvorleg?

– Foreldra har erkjend straffeskuld for delar av det som har vore påstått mot dei. Ein må vere klar over at forholda dei er skulda for ikkje har påført ungane korkje merker eller smerte. Akkurat det har mykje å seie for kor alvorleg ein tiltale er, seier ho.

Rådmann Øyvind Bang Olsen avviser at barnevernet har «invadert» familien. Han avviser også at barnevernet skal ha gått ut over den inngåtte avtalen med familien frå juni i år.

Politiadvokat Sissel Kleiven ønskjer ikkje å kommentere saka.