Hopp til innhold

Psykologspesialist slaktar barnevernet

– Ein tragedie og eit overgrep mot borna. Slik skildrar psykologspesialist Einar C. Salvesen måten barnevernet tok fem born ut av heimen sin i Naustdal.

Einar C. Salvesen

OPPROP: Einar C. Salvesen seier det ikkje berre er barnevernet i Naustdal som sviktar. Han har skrive eit opprop med skarp kritikk av norsk barnevern. Mange fagfolk skal ha skrive under på oppropet. – Konklusjonar blir ofte trekt på grunnlag av subjektive oppfatningar og gissingar, seier han

Foto: Dan P. Neegaard / Aftenposten

Salvesen har innsyn i saksdokumenta, og har møtt foreldra som i november i fjor vart fråtekne fem born etter mistanke om vald.

Borna, den yngste ein baby og den eldste 11 år, vart alle tekne ut av heimen og plasserte i tre ulike fosterheimar på Vestlandet. Foreldra er sikta for vald og saka er framleis under etterforsking.

– Denne saka er så sår og hjarteskjerande at det nesten ikkje er til å halde ut

Einar C. Salvesen

Sit på dokumenta

Som meddommar og sakkunnig i denne type saker, har Salvesen jobba med barnevernssaker ei årrekkje.

Han er ikkje i tvil om at det var ei grov feilvurdering då barnevernet aksjonerte og tok borna ut av heimen sin.

– Det er snakk om korleis ein skal gå inn i familiar der dette er ein del av kulturen for den eine parten, seier Salvesen og legg til:

demonstrasjon i dublin mot barnevernet

PROTESTERER: Barnevernssaka i Naustdal har i Europa og Nord-Amerika utløyst ei rekkje demonstrasjonar mot norsk barnevern. Utanlandske kristne medium har også retta skarp kritikk mot barnevernet. – Det er ei katastrofe for borna, seier Salvesen og støttar kritikken frå utlandet.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side/Daniel Catana

– Her var det lagt godt til rette for samarbeid frå foreldra si side. Her var det også veldig god omsorgsevne til stades som ein kunne utnytta. I tillegg var det enkelte ting familien burde fått rettleiing om.

– Rett å reagere, men ...

Han er samd i at det var rett av barnevernet å reagere når foreldra er mistenkte for oppdragarvald.

– Denne type oppdraging kan vere alvorleg på mange måtar, men det er måten barnevernet reagerte på eg er kritisk til. Ein må gå inn med fagleg rådgjeving og hjelp, seier han.

Kor uheldig er det å ta ungane vekk frå foreldra?

– Det er ein tragedie for borna. Denne saka er så sår og hjarteskjerande at det nesten ikkje er til å halde ut. Eg er ikkje i tvil om at barnevernet har gjort feil i denne saka, seier Salvesen.

Hard kritikk

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

STADFESTA: Rådmann Øyvind Bang Olsen i Naustdal viser til teieplikta. – Men kommunen sitt vedtak er stadfesta av fylkesnemnda, som går igjennom alle sider av slike typar saker, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Rådmann Øyvind Bang Olsen i Naustdal viser til at saka er underlagt teieplikt, men understrekar at vedtaket til kommunen er stadfesta av fylkesnemnda. Han tykkjer kritikken frå Salvesen er hard.

– Den er kanskje litt hard i høve til den røynda som tilsette står i når dei skal vareta borna sine behov og vern, foreldra sine ynskje om tilpassingar og vi skal forvalte det som er forvaltningspraksis på området, seier han.

– Men her har ein spesialist gått inn i saka og snakka med foreldra. Det er tale om god omsorgsevne, men behov for rettleiing på eitt par punkt. De vel å ta barna ut frå heimen. Kan det vere rett?

– Dei langsiktige tiltaka for born, som er underlagt akuttvedtak, er under behandling. I alle slike saker er det sakkunnige personar som vurderer det langsiktige behovet borna har for vern, og familien sine hjelpebehov. Det er viktig å understreke at rettstryggleiken er vareteke gjennom ordningar og lovverk som barnevernet jobbar under.