NRK Meny

Far og mor tiltalt for oppdragarvald i barnevernssaka i Naustdal

Statsadvokaten har tatt ut tiltale mot begge foreldra, i den mykje omtala barnevernssaka i Naustdal. Det stadfester begge foreldra sine forsvararar.

Demonstrasjon mot barnvernet i London

STORT ENGASJEMENT: Barnevernssaka i Naustdal har skapt protestar òg utanfor Norge. Straffesaka der det no er tatt ut tiltale, er uavhengig av barnevernssaka.

Foto: Støttegruppa si Facebook-side

Det var i fjor haust at barnevernet tok hand om fem born i den norsk-rumenske familien i Sunnfjord. Samstundes vart foreldra sikta for det politiet kalla oppdragarvald.

Saka har skapt stort engasjement med protestar i mange land. I sommar fekk foreldra borna tilbake. Uavhengig av dette, er det no tatt ut tiltale i straffesaka, det stadfester begge foreldra sine forsvararar.

Erkjenner delvis straffeskuld

– Det er tatt ut tiltale mot min klient for oppdragarvald, seier mora sin forsvarar, Ingrid Breistein.

Ho opplyser at mora erkjenner delvis straffeskuld.

– Min klient har erkjent lette klaps i oppdragelsen til barna, heilt sidan første politiavhøyr. Og det står ho fast ved. Så ho erkjenner delvis straffeskuld, etter tiltalen.

Breistein og mora er overraska over at det er tatt ut tiltale i saka.

– Vi hadde håpt på at dette kunne ha vore løyst på ein enklare måte, for eksempel i form av ei tilståingssak. Familien har vore gjennom ei påkjenning med både barnevernssaka og straffesaka, seier Breistein.

– Tar beslutninga til etterretning

Barnefaren sin forsvarar, Ragnhild Torgersen, stadfester òg at hennar klient òg er tiltalt.

– Eg kan bekrefte at det er tatt ut tiltalevedtak, men den har eg ikkje fått gått igjennom enno, seier forsvarar Ragnhild Torgersen.

Ho er ordknapp om kva tiltalen mot faren inneheld.

– Tiltalen er langs dei linjer som saka har omhandla heile tida.

– Og det er oppdragarvald?

– Som eit stikkord, kan ein seie det slik, seier Torgersen.

Torgersen vil ikkje seie noko om korleis faren stiller seg til skuldspørsmålet etter tiltalen.

– Klienten tar beslutninga til etterretning og vil følge prosessen som dette vedtaket utløyser, seier ho.

Ho vil heller ikkje seie meir om kva tiltalen inneheld, heller ikkje om kva strafferammer det er for oppdragarvald, som politiet omtaler det som.

På ei av verdas brattaste jernbaner blir skinene ekstra slitte av mykje bremsing. Det krev mykje vedlikehald, før sesongen startar for fullt.
Bilder fra landbruks-og matministeren sitt møte med sinte bønder i balestrand.
12 år gamle Linea arrangerer konsert til inntekt for forskning på den uhelbredelige sykdommen, som ein god ven fekk for ei tid sidan. Og 7.-klassingen venter fullt hus.