Hopp til innhold

Endå eit asylmottak har stengt dørene

FLORØ (NRK): Talet på asylmottak her i landet held fram med å stupe. Denne veka vart eit av dei siste mottaka som er att på Vestlandet lagt ned.

Solbakken asylmottak Bente Nygård

FORTVILA: Mottaksleiar Bente Nygård er fortvila over at Solbakken asylmottak no har blitt lagt ned.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Eg trur samfunnet mistar noko verdifullt når asylsøkjarane forsvinn frå byar og bygder, seier senterleiar Bente Nygård ved Solbakken asylmottak i Florø.

Statistikken er tydeleg. I byrjinga av 2016 var det 280 asylmottak i Noreg. I dag er talet 34. På Vestlandet er det berre ei handfull att, etter at Solbakken vart lagt ned denne veka. I Sogn og Fjordane er det ingen.

– Grunnen til det er at det kjem mange færre asylsøkjarar enn før. Når vi då i tillegg bygde opp veldig mange mottak i 2015 og 2016, så må vi rett og slett leggje ned mange no, seier Sissel Mehammer i UDI region vest.

Har prega Florø-samfunnet

– Dei siste vekene har det ikkje vore noko kjekt å kome på jobb. Eg har alltid elska jobben min, men då vi vart vedteke nedlagt mista eg motivasjonen, seier Nygård som har jobba på mottaket i 10 år.

Loppemarknad på Solbakken asylmottak

LOPPEMARKNAD: På siste dag heldt Solbakken asylmottak loppemarknad.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Førre tysdag drog siste buss med bebuarar. No er det berre møblane og utstyret som står att.

Nedlegginga vart markert med ein stor loppemarknad, der alt som låg att etter asylmottaket vart selt for ein billig penge.

– Solbakken har betydd mykje for heile kommunen. Det har styrka Florø-samfunnet at vi har budd side om side med flyktningar.

Det har vore mykje att og fram med Solbakken asylmottak. I fjor haust blei mottaket lagt ned, men etter sterke reaksjonar blei det bestemt at det ikkje skulle leggast ned likevel. I vår kom beskjed om at det likevel var slutt.

– Det var trygt å kome til Florø

– Det var ein veldig trygg plass å kome til. Eg følte meg veldig heime her, seier Saba Berhane.

Ho var 16 år då ho på 90-talet kom åleine som flyktning frå Etiopia til mottaket i Florø.

Berhane har blitt buande i Florø i dei 20 åra som har gått sidan den gong. Senterleiaren trur det gode miljøet ved asylmottaket har vore avgjerande for at så mange har funne seg til rette i kystbyen.

Bebuar på Solbakken asylmottak

TRIST: Saba Berhane tykkjer det er trist at Solbakken asylmottak har blitt lagt ned.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har vore eit litt annleis asylmottak på den måten at vi har vore kommunalt drive, det er det veldig få asylmottak som er. Eg tykkjer vi har hatt ei veldig god driftsform. I media har eg lese om konfliktar og bråk på andre asylmottak, men vi har hatt veldig lite av det, seier Nygård.

Også Berhane trur asylmottaket i Florø har vore eit av dei betre.

– Det er vondt å sjå det dei tomme lokala i dag. Det er trist at det ikkje kjem fleire asylsøkarar til Florø, seier ho.