Hopp til innhold

Solbakken asylmottak blir ikkje lagt ned

Etter fleire dagar med sterke reaksjonar, har regjeringa bestemt seg for å snu om UDI si avgjerd om å legge ned Solbakken asylmottak i Florø.

Solbakken asylmottak i Florø
Foto: Ottar Starheim / NRK

Det var førre fredag at UDI varsla at asylmottaket i Florø skulle leggjast ned. Bakgrunnen er at talet på asylsøkjarar her i landet har gått kraftig ned.

Mange har vore sinte på vedtaket til UDI, og fleire har teke til ordet for at asylmottaket har ein spesiell kompetanse som ikkje burde leggjast ned.

NRK kjenner til at dette argumentet no har nådd fram, og at regjeringa i dag kjem til å gje UDI ein instruks om å gjere om på vedtaket. UDI har då ikkje høve til å gjere noko anna enn det regjeringa ber dei om.

UDI stadfestar

– Dette er ei politisk avgjerd, og det held vi oss lojalt til, seier Stig Arne Thune som er regiondirektør for region vest i UDI.

Kjem det til å føre til at andre asylmottak i fylket blir lagt ned i staden?

– Det kan kanskje skje i neste omgang med nedleggingar, men i første omgang følgjer vi opp denne instruksen frå regjeringa, seier Thune.

Har jobba mykje med saka

Høgre sin stortingskandidat her i fylket Frida Melvær, seier ho har jobba med denne saka sidan det vart kjent at UDI ville leggje ned.

– Det er veldig gledeleg at vi har nådd fram med dette. Det er ei gladsak for oss, men også for alle i Florø.

UDI hadde ei fagleg grunngjeving for å leggje ned mottaket, no overkøyrer regjeringa fagfolka midt i valkampen?

– Vi har argumentert for at Solbakken asylmottak sit med ein kompetanse som vi bør ta vare på, og det har vi vunne fram med.

Stor jubel hjå dei kommunetilsette

Dagleg leiar på innvandrarsenteret i Florø, Arild Melvær, fortel at det var jubel hjå dei kommunetilsette då vedtaket vart kjent.

– Eg må sei det sopass sterkt at eg er vanvittig glad for denne avgjerda. Heile kommuneleiinga er i Kalvåg i dag, og her er det unison glede for dette, seier Melvær.