Hopp til innhold

Eldsjelene som held festivalen i gang

BREIM (NRK): Kvart år treng Norsk Countrytreff 700 frivillige. Og det er lokalbefolkninga som stiller opp for å gjere festivalen best mogeleg.

Panteplukking Breim Countryfestival

FRIVILLIGE: Dei frivillige gjer ein viktig jobb på festivalar over heile landet. Dette er frå panteplukking på Norsk Countrytreff for nokre år sidan.

Foto: Arne Holsen / NRK

– Akkurat dugnaden på førehand er ikkje så populær, men eg synast det er kjekt å vere her, fortel Alexander Bjørkelo.

18-åringen frå Byrkjelo er ein av dei mange frivillige på Norsk Countrytreff på Breim.

– Eg har vore med sidan festivalen starta og brenn for dette. Vi er rundt 1500 personar som bur her og festivalen er viktig for bygda, seier Per-Johnny Moldestad.

Countryfestival på Breim

ORDNAR TIL FESTIVAL: – Det er mykje som skal kome i orden og mange er i sving før vi opnar, fortel Per-Johnny Moldestad. Her er frivilligsjefen saman med Preben Moen, som står for maten og den frivillige Alexander Bjørkelo, under rigginga av årets festival.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Moldestad er vaktsjefen for dei frivillige som til saman produserer rundt fire årsverk den helga countryfestivalen held på. I eit område med rundt 1500 innbyggarar har det sine utfordringar å få fylt 700 vakter.

– Folk er veldig flinke til å stille! Men det er ferietid og somme år vil folk ha pause. Vi går slavisk til verks med listene på frivillige og det er viktig å få tak i dei yngre. Vi hookar tak i dei når dei vert 18 år, fortel Moldestad.

Frivillige skapar verdiar

Verdien av frivillig gratisarbeid i fylket er på minst ein milliard kroner. Det syner ei gransking som sparebanken Sogn og Fjordane gjorde for ein del år sidan.

Per-Johnny Moldestad og Alexander Bjørkelo har blant anna vore med å sette opp 1500–1600 meter med anleggsgjerde, rigga telt, køyrt maskiner og bore benkar og stolar på plass. Det har også blitt slått gras og området har blitt rydda.

– Det siste vi monterer er danseflaken. Dette på grunn av vêret, fortel Moldestad.

Bortsett frå den er det berre småpuss som står att onsdagen før festivaldørene vert opna.

To av dei første på Countryen

STÅR I KØ: Medan dei frivillige arbeidar med å få festivalområdet i orden, sit dei første deltakarane i kø. – Eg har vore her fem eller seks gonger. Det er alltid god stemning på countryfestivalar, fortel Alf Johan Eliussen. Her saman med Kristine Eide.

Foto: Wibeke Brulland / NRK

Gir tilbake til lokalsamfunnet

– Countryfestivalen har tilført omlag 10 millionar til Breim gjennom dei åra vi har halde på. Utan desse pengane hadde vi aldri kunne bygge kunstgrasbane på Reed eller hatt skitrekk på Utvikfjellet, fortel festivalleiar Arve Kleppe.

Men den økonomiske avkastinga kan verte mindre for festivalen. For knappe to år sidan vart knutepunktordninga som har støtta festivalen økonomisk avvikla.

Festivalsjefen

FESTIVALSJEF: Arve Klepp utanfor den nybygga informasjonsbua til Norsk Countrytreff.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

– Vi har søkt den nye ordninga som heiter festivalstøtte, men vi får ikkje vite noko før rundt årsskiftet. Dei siste to åra har vi hatt ei overgangsordning med same kronesummen, men framover veit vi lite, seier festivalsjefen.

Kleppe legg vekt på at festivalen skal halde same nivå også i åra framover.

– Vi kjem ikkje til å kutte på artistar, men kanskje andre kostnadar. Får vi mindre pengar må vi vere lurare. Men vi har den 23. festivalen og gir oss ikkje så lett. Vi kjem til å fortsetje i 23 år til tenkjer eg, seier Kleppe.

Norsk countrytreff på Breim

REISER FRÅ SVERIGE KVART ÅR:– Det betyr mykje for meg å kome til Breim. Eg har familie frå området og det er kjekt å treffe kjende. Om eg mister ein festival blir det eit sakn, fortel Bjørn Eltvik. Her saman med festivalsjef Arve Kleppe.

Foto: Wibeke Bruland / NRK

Skal du på countryfestivalen? Merk gjerne bileta dine med #nrksf

Laster innhold, vennligst vent..