Hopp til innhold

La bryllupsreisa til Countryfestivalen på Breim

For nokre betyr country og countryfestivalen på Breim meir enn for andre. Nygifte Kristine og Remi André Børnes la likså godt bryllaupsreisa til Breim.

Brudepar på Countrytreff
Foto: Åsta Urdal / Nrk

– Vi hadde westerenbryllup, og då passa det med ein tur til Breim, seier Kristine Børnes.

At både ho mannen Remi André er glade i western er ikkje å ta for sterkt i.

– Vi tenkte vi ville ha eit litt annleis bryllaup enn alle andre, eit bryllaup der alle kunne ha det kjekt, seier Remi André.

Sjølv om dei no er på bryllaupsreise, har dei lagt mindre vekt på komforten når det kjem til overnatting.

– Vi søv bak i Transporteren, der er det intimt og koseleg, ler Kristine.

Blanda kjensler

Også på Breim la terroren i Nice ein dempar på stemninga fredag.

Arve Kleppe

KLAR FOR COUNTRYFEST: Festivalsjef Arve Kleppe,

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Det er jo med litt blanda kjensler vi arrangerer festival, og tankane går til offera og dei pårørande. Samstundes kan vi ikkje la terroristane vinne. Ein festival som dette gir samhald, og det motesette av det som terroristane ynskjer å oppnå, seier festivalsjef Arve Kleppe.

Festivalen kjem til å gå som planlagt, men terrorhandlinga i Nice vert markert med eitt minutt stilheit i kyrkja laurdag.

– Under første bolken på «Kolbeins Saloon» i dag så får vinnarane av country-talent gjennom året presentere musikken sin. Til hausten skal vi igjen arrangere Norsk Countrytalent, og vinnarane der får då presentere seg neste år, seier Kleppe.

Stirling Station

Omgitt av cowboyhattar, frakkar og lærbeltar finn vi Jim Stirling som opprinneleg er frå Australia.

– Eg har ein gard som heiter Stirling Station ikkje så langt frå Gardermoen, seier Stirling på klingande norsk, men med tydleg australsk tonefall.

Jim Stirling

VETERAN: Jim Stirling har vore fast gjest på countryfestivalen på Breim heitl sidan starten.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Stirling er ingen novise på cuntryfestivalen på Breim, han har vore med heilt sidan starten.

– Eg er eldste gjennverande utstillar.

I 25 år har han kvar einaste sommar reist frå festival til festival landet rundt.

– Eg er blitt kjend med mange av desse «cowboyane», dei kjem og igjen år etter år. Dei tar med seg venene sine og handlar hjå meg, seier Stirling.

– Kva er det som er så spesielt med westernfolka?

– Dei er kanskje «rough and ready» men dei er jordnære folk, og det er det eg likar med dei, seier Stirling.