Hopp til innhold

Hundrevis av cowboyar har sikra seg plass

For første gong var det mogleg å førehandsbestille billettar til Norsk Countrytreff på Breim. Rett før det på ny brakar laust, har dei selt 1400 billettar - ein tredjedel av det totale billettsalet i fjor.

Countryfestivalen på Breim

HØG STEMNING: Cowboyhattar er ikkje eit sjeldant syn på festivalen på Breim. Det var det ikkje i 2013 (biletet), og truleg blir dei også å sjå i år.

Foto: Runar Sandnes

Tradisjonen tru går countryfestivalen på Breim av stabelen i helga, og i år med nye auge som overvaker det heile frå toppen.

Arve Kleppe har vore nestleiar for festivalen i fleire år, men i år er han konstituert dagleg leiar. Han er klar for å ta imot dei første festivalgjestane i kveld.

– Vi er så godt som i mål på alle felt, og har så god kontroll at vi er uroa for at vi har gløymt eitt eller anna, seier han og ler.

Står allereie i kø

Nytt i år er mellom anna at dei har starta med førehandssal av billettar. Det har gått langt betre enn dei hadde trudd.

– Det har gått over all forventning. Vi har selt over ein tredjedel av fjorårets billettsal. Vi har ikkje noko å samanlikne med, men vi er veldig nøgde, seier Kleppe.

Arve Kleppe - dagleg leiar Norsk countrytreff

NY LEIAR: Arve Kleppe er konstituert dagleg leiar for Norsk Countrytreff på Breim, men han har vore med i leiinga i fleire år.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Festivalen startar torsdag, men allereie søndag og måndag var nokre på plass.

– Det står nokre titals campingvogner på grusbana med folk som ventar på å få komme opp på campingen i kveld klokka 18.00. Så dei er veldig gira, ja, seier årets festivalgeneral.

– Hellbillies som trekkplaster

Blant dei store trekkplastera er Hellbillies og Vassendgutane, som begge skal spele på hovudscena fredag kveld.

Aslag Haugen i Hellbillies

TREKKPLASTER: Hellbillies

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

– Det har vi store forventningar til. Hellbillies er veldig populære, og Vassendgutane er jo ungdomen sin moderne norske country, og det er jo for så vidt Hellbillies også, seier Kleppe.

Laurdag kveld byr festivalen på det norske bandet Byting, og amerikanarane Sweethearts of the Rodeo og Daryle Singletary.

Kleppe trekkjer også fram kyrkjekonserten på laurdag som ei stor oppleving, der dei fleste på artistlista skal spele.

750 på dugnadslista

For å få alt til å gå rundt krevst det mykje dugnadsarbeid, og det er ikkje få som tek i eit tak.

– I går stod det om lag 750 namn på dugnadslista, og det bur 1500 menneske i Breim.

Breim 2011 - kyrkjekonsert

KYRKJEKONSERT: Den årlege konserten i Breim kyrkje er eit høgdepunkt, meiner den nye festivalsjefen. Her frå 2011.

Foto: Øystein Torheim/NRK

Og denne innsatsen gir også tilbake til bygda. Dei siste åra har dugnadsinnsatsen ført fire-fem millionar kroner tilbake til lokale lag og organisasjonar.

Men korleis framtida for festivalen ser ut, er no usikkert. Knutepunktordninga, som har sørga for offentleg støtte til festivalen i mange år, er no under gjennomgang, og støtta kan forsvinne. Dette blir også avgjerande for om Kleppe vil halde fram som festivalsjef.

– Eg vil vente til etter denne festivalen her. Eg håpar vi får nokre signal om korleis støtteordningane blir, og så må vi bestemme oss kva nivå vi skal leggje oss på.