Hopp til innhold

Han er årets Cowboy

BREIM (NRK): Under Norsk Countrytreff i Breim kjem alle cowboyane i landet ut av skjul. Vi fekk ein lokal jury til å kåre beste cowboy og beste camp.

Gaute Ullebust

ÅRETS COWBOY: Gaute Ullebust tykkjer det er stas å bli kåra til den beste cowboyen under festivalen.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Ein ekte Cowboy må vere gjennomført. Han må ha hatt, boots, vest og ei ordentleg cowboy-skjorte.

Det fortel juryleiar Silje Kristin Moldestad. Saman med fire venninner fekk ho i oppdrag å finne den som oppfyll kriteria best under Countrytreffet i Breim, som arrangerast denne helga.

Juryen

JURYEN: Frå Venstre; Victoria, Silje, Ingvild, Cecile og Malin har kåra årets camp og årets cowboy.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Viktig å legge litt arbeid i utstyret

Etter mykje leiting finn jentene Gaute Ullebust frå Førde.

Gaute ullebust

GAUTE ULLEBUST: Fortel at han har lagt mykje arbeid i utstyret.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Det her er svært, fortel Ullebust.

Han held fram med å seie at han har jobba for å kunne kle seg som han gjer i helga.

– Det er stilig å kunne ha eit skikkeleg utstyr når ein først er på countryfestival. Eg har jo jobba for det her, så det er stas.

– Ein soleklar førsteplass

Når jentene skulle kåre årets camp var dei aldri i tvil. Det var gutane i «Saloonen» som fekk førsteplassen.

– Det seie seg sjølv. Det blir ikkje meir Cowboy enn ein saloon, fortel juryleiar Moldestad.

Og gutane som står bak Saloonen er sjølvsagt nøgde med det.

– Vi har lagt ned alt for mykje arbeid i campen, ler campleiar Joar Tveit.

Han fortel at det å skilje seg ut er motivasjonen bak arbeidet.

– Det er berre moro å vere litt annleis, fortel han.

Heile Saloonen er heimesnikra, med eige materiale. Der har dei blant anna sette opp ein bar, som sjølvsagt kjem godt med når cowboyar samlast.

Gratulerer til dei to vinnarane!

Sjå fleire bilete frå Countrytreffet under

Brudepar på Countrytreff
Foto: Åsta Urdal / Nrk