Hopp til innhold

– Dette kunne eg ikkje seie nei til

Countryartisten Steffen Jakobsen frå Grimstad gler seg til å opptre under Norsk Høstfest i USA for første gong.

Steffen Jakobsen er en av de relativt nye countryartistene fra Sørlandet. Nå er han snart på vei til USA, hvor han skal spille på Norsk Høstfest i Nord Dakota.

Sjå reportasje.

– Det var jo berre ein heilt vanleg dag. Så fekk eg spørsmål om å spele på Norsk Høsfest. Det kunne eg ikkje seie nei til. Etter mykje jobbing og bry fekk eg det til, seier Jacobsen til NRK.

Norsk Høstfest er ein stor fest for amerikanarar med norske anar.

Arrangementet held til i Minot i Nord-Dakota. Festivalen vart første gang arrangert i 1978.

Slår følgje med country-legende

Jakobsen reiser til USA saman med blant andre Bjøro Håland. Sistemnde har vore på festivalen i Minot 31 år på rad.

Bjøro Håland

Bjøro Håland er fast innslag på Nors Høstfest i USA.

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX
Norsk høstfest

Norsk Høstfest startar 28. september.

– Det blir moro å reise saman med han. Vi skal opptre kvar for oss, men kjem vel til å streife litt der nede og snakke litt saman, seier Jakobsen.

Countryartisten frå Grimstad vart kjend for folk flest då han var med på Idol i 2013. Sidan har han levd av countrymusikken.

– Før hadde eg vanleg åtte til fire-jobb og hadde dette som hobby og kosa meg. No kosar eg meg endå meir, når eg kan leve av det, seier han.

Bjøro Håland vart utemnt til æresborgar i Minot i 2009, og er ein særs populær mann under arrangementet.

– Vi gler oss veldig. Han er fantastisk, og ein del av Høstfest-familien. Kven veit, kanskje det same kan skje med Steffen, seier arrangøren til NRK.

Vil knyte kontakter

Arrangøren veit ikkje kor mange tilskodarar Jakobsen kan vente seg når han skal opptre.

– Det kan vere alt frå nokre få til 2000. Vi har mange scener med konsertar på same tid, så det er vanskeleg å seie.

Sørlendingen håpar å få noko ut av USA-opphaldet for framtida.

– Forhåpentlegvis treffer eg ein del publikum og etablerer kontakter. Det gler eg meg mest til. Så blir det ein del fritid der eg kan gå å kikke litt og slappe av, seier Jakobsen.

Norsk Høstfest startar i Minot 28. september og pågår fram til 1. oktober.

Steffen Jakobsen

Steffen Jakobsen på scena under Norsk Countrytreff på Breim i Gloppen kommune.

Foto: Runar Sandnes

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Lett å få flyskrekk av dette - men det finnes råd 00:41
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 15 1,62 kr
Dyrest kl. 08 2,15 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,6 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %