Hopp til innhold

Dette fekk oss til å klikke i 2013

Trippeldrapet i Årdal, verdskjend brudgom, plagsam liten krabat, skorfaste geiter og dødsulukka i Våtedalen. Her er sakene vi klikka på i år.

Dette klikka vi på i 2013

ÅRET 2013: Vi legg bak oss eit år med svært mange tragiske ulukker. Det speglar av også kva saker som engasjerte lesarane til NRK Sogn og Fjordane.

Foto: Fotomontasje

Med 2013 i full fart mot 2014, er tida inne for å sjå tilbake på kva engasjerte nett- og mobilbrukarane til NRK Sogn og Fjordane sine nettsider i året som har gått.

For medan mjukare nettsaker slo an på fjorårets statistikk , er det dei mange store og dramatiske hendingane som pregar statistikken over kva som engasjerte lesarane i år.

1. Tre drepne på Valdresekspressen

Åstaden for trippeldrapet

TRIPPELDRAP: Ein asylsøkjar i 30-åra er sikta etter at tre personar vart drepne om bord på Valdresekspressen.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

I november fekk trippeldrapet om bord på Valdresekspressen ved Holsbru i Årdal stor merksemd. Tragedien, der bussjåfør Arve Kvernhaug og passasjerane Brahim Khouya og Margaret Molland Sanden vart knivdrepne, skaka eit lite samfunn og aktualiserte ei lang rekkje debattar i ettertid. Fokus vart retta mot både asylpolitikk, responstid og beredskap.

Den sikta i saka, ein asylsøkjar i 30-åra frå Sør-Sudan, har sidan hendinga 4. november sete varetektsfengsla. Han har førebels ikkje latt seg avhøyre.

2. Verdskjend brudgom

Endre Rutledal og Øivin Vabø

UTDRIKKING: Forlovar Endre Rutledal (t.v.) sytte for at brudgommen Øivin Vabø vart eit kjent namn i juli.

Foto: Kristin A. Oldeide

Juli var månaden Øivin Vabø frå Vågsøy vart verdskjend og månadens hit på Youtube. Årsaka var utan tvil videoen frå utdrikkingslaget, der kameratane lurer han til å tru at han skal hoppe i strikk frå ei bru.

Etter at NRK.no omtala videoen, gjekk den verda rundt. Saka vart delt nær 7.000 gonger på Twitter og Facebook. Originalvideoen er vist over 4,8 millionar gonger på Youtube.

3. Trafikkulukke kravde tre menneskeliv

Trafikkulukke i Våtedalen

DØDSULUKKE: Med dødsulukka i Våtedalen har 12 menneske omkome på vegane i fylket i år.

Foto: Runar Sandnes

Det har vore eit tragisk år på vegane i Sogn og Fjordane, med høgste tal trafikkdrepne sidan 2004. Heller ikkje julehøgtida vart skåna for dødsulukke.

2. juledag vart nabokommunane Førde, Jølster og Gloppen hardt råka då tre menneske mista livet i ein frontkollisjon i Våtedalen i Jølster. Det som skulle vere ei julehøgtid og glede, vart brått snudd til sorg og sakn for mange.

Dei omkomne var eit ektepar i 70-åra frå Gloppen og ein fembarnsfar busett på Jølster.

4. Berga ned skorfaste geiter

Endeleg nede

GLEDE: Mange lesarar følgde geitedramaet, som til slutt enda godt, i Undredal.

Foto: David Underdal

Dyrehistorier engasjerer, og geitene som i fleire veker stod fast på ei fjellhylle i Undredal fekk ekstra stor merksemd. Etter fleire mislukka forsøk, sette geitebonden sin lit til elevar ved Sogndal folkehøgskule.

Også dei trengde fleire forsøk, men ei etter ei vart både «Natalia» og «Birka» berga ned på trygg grunn.

5. Sju personar omkom på Ljøsne

Ulykkesbussen

KOLLISJON: Sju personar omkom då ein turistbuss vart treft av materiale ved Ljøsne i Lærdal.

Foto: Mads Rekve

Ei 35 år gamal bussulukke vart i september pussa støv av i reportasjen «Ei av tidenes verste ulykker». Sju amerikanske turistar omkom etter at sponplater trefte turbussen dei sat i.

Ulukka fekk stor merksemd då den skjedde. Dagen etter brukte mellom anna VG heile framsida på ulukka i Lærdal.

6. Plagsam liten krabat

Eirik Haukøy og flåtten

FLÅTT: Eirik Haukøy fekk over 100 flått på kameraet sitt.

Foto: privat

Rekna som den verste smitteberaren blant blodsugarane i Nord-Europa, er ikkje skogsflåtten noko å spøke med. Det er kanskje årsaka til at midden kvar einaste sommar får godt med spalteplass i norsk media.

Og i mai var det møtet med Eirik Haukøy frå Kyrkjebø som vart omtala på NRK. Haukøy var ute for å sjå og fotografere hjort. Då han tok kameraet opp frå bakken, var heile kameraet dekka flått.

– Vi såg at dei kravla og aula på kleda våre også. Det var rett og slett fullt av flått overalt. Då fann vi raskt ut at vi måtte vekk derifrå, fortalde Haukøy

7. Tenåringsjente omkom

Bilulukka ved Årøytunnelen

OMKOM: Ei 15 år gamal jente omkom då bilen ho var passasjer i vart treft av stein.

Foto: Rune Sjøberg

Ei av dei mange tragiske ulukkene som har skjedd i Sogn og Fjordane i 2013, er rasulukka der Aleksandra Dominika Alberska (15) frå Luster omkom. Tenåringsjenta og ein kamerat var på veg til Sogndal då bilen dei sat i vart treft av ein stein ved Årøytunnelen på fylkesveg 55.

Truleg var issmelting og ujamt underlag årsaka til at den sju tonn tunge steinen losna i fjellsida. Føraren kom frå ulukka med lettare skade.

8. Bruk av ulukkesbilete

Jan Ove Sagerøy og Hege Øksdal

KRITISK: Hege Øksdal (t.h.) og Jan Ove Sagerøy ber media tenkje over biletbruk i samband med ulukker.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Hege Øksdal og mannen hennar John Harald Øksdal fronta i november ei viktig og prinsipiell sak. Nemleg media sin bruk av bilete frå alvorlege trafikkulukker.

Paret frå Vik fortalde om deira sjølvopplevde erfaring då bestefar til Hege omkom i ei tragisk traktorulukke. Ulukka hadde dei høyrt om gjennom media, men det var også media som gjennom biletbruk fortalde dei kven som var forulykka.

– Eg unner ingen å oppleve det vi gjorde. Redaktørane må tenkje seg om før dei legg ut bilete frå ulukker så tidleg, seier Hege Øksdal

9. Etterlengta snø?

Snø på toppane

TIDLEG: Vikjane tykte det var tidleg med snø i fjelltoppane 1. september.

Foto: Svein Harald Lilleøren

At folk er opptekne av vêr vart nok ein gang bevist i september. For allereie 1. september plasserte sesongens første snøfall på Vikafjellet seg på topp ti-lista.

– Det er vel ikkje heilt uvanleg i september, men eg tykkjer det er litt tidleg, fortalde Svein Harald Lilleøren frå Vik. Statsmeteorolog Kristin Seter forstod at mange tykte det var tidleg å sjå snøen så tidleg i september, men minna om at det også på sommaren kan komme snø i høgfjellet.

10. B-b-billig hus og gjeld

NRK kunne i oktober fortelje at ein i Høyanger kunne kjøpe seg leilegheiter til null kroner. Og det i ei tid der bustadprisane stadig når nye høgder einskilde stader.

Hjetlandsbakkane

BILLIG: To leilegheiter i Hjetlandsbakkane låg ute til sal for null kroner.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dei omtala leilegheitene i Hjetlandsbakkane låg ute til forkjøpsrett hjå Boivest. Med på kjøpet følgde også fellesgjeld.

– Der har det over lengre tid vore hjørnesteinsbedrifter som har redusert talet på tilsette. Det har vore ein marknad der som ikkje har vore velfungerande over lengre tid, så for så vidt er dette eit resultat av det som har vore i mange år, fortalde direktør Liv Judit Straume.

Andre topp 30: