Hopp til innhold

Birger Meland omkom i brann

Det var den 61 år gamle Birger Meland frå Vassenden i Jølster som omkom i brannen i Stryn natt til torsdag.

Birger Meland.

ALLTID ENTUSIASTISK: Birger Meland hadde eit smittande humør, og gledde seg alltid til neste intervju.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Den profilerte NRK-reporteren var på ferie åleine i barndomsheimen sin på Meland i Stryn, og han kom seg ikkje ut då det tok til å brenne i huset. Brannen vart meld klokka 00.59.

Brannvesenet kom til staden om lag 15 minutt seinare, då var huset i ferd med å verte overtent. Men brannen vart relativt raskt sløkt. Meland vart funnen omkomen i andre etasje.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.

Brann på Meland i Stryn

HUSET I BRANN: Slik såg det tu då huset på Meland brann i natt.

Foto: Reidar Nesje

Smittande entusiasme

Birger Rune Meland tok til i NRK Sogn og Fjordane i 1992. Før det hadde han vore med og bygd opp lokalradioen Radio Stryn. I NRK vart han fort ein svært markert og populær programleiar med sin glade og entusiastiske stil.

For mange av lyttarane var han NRK Sogn og Fjordane.

Dei siste åra var han reisande reporter, også det med ein smittande entusiasme. Han kunne vere inne i morgonsendinga på direkten frå indre Sogn, for så å kaste seg i bilen og og vere med i ettermiddagssendinga frå ytre Sunnfjord eller Nordfjord.

Birger Meland

- ALLTID ENGASJERT: Birger Meland er død.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Alltid engasjert

Distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen i NRK Sogn og Fjordane seier at ingen kan erstatte Birger Meland:

«Dette er ein trist dag for alle oss i NRK Sogn og Fjordane. Birger var ein av våre mest røynde medarbeidarar, og ein kjend profil for veldig mange i Sogn og Fjordane.

I dag tenkjer vi mest på Birger, kona Wenche og alle dei åtte borna hans. Planen var at han skulle bruke den siste helga av sommarferien saman med Wenche og dei to små gutane heime i fagre Stryn. Slik gjekk det dessverre ikkje.

Birger var alltid engasjert og arbeidsvilleg. Alltid engasjert. Det han likte best var å reise ut og skildre livet til vanlege folk i Sogn og Fjordane i våre radiosendingar. Han kommuniserte lett med alle han møtte og hadde ein tydeleg profil. Ingen kan erstatte Birger i NRK Sogn og Fjordane.»

«Alle» kjende Birger

I tillegg til jobben i NRK Sogn og Fjordane, som til tider førde med seg mykje reising og lange dagar, dreiv Birger på som dansemusikar. Både det og jobben gav han eit enormt kontaktnett. «Alle» kjende Birger.

I perioden 1979-1990 var han med i gruppa Fernando, som reiste land og strand rundt om i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal og spelte til dans. Fernando gav og ut singelen «Mot vest», der Birger Meland skreiv tittelmelodien.

Dei som ynskjer å skrive ein kondolanse kan gjere det på vår side på Facebook: https://www.facebook.com/NRKSF.