Hopp til innhold

Lastebil i fjorden - politiet trur det er folk i bilen

Ein lastebil har hamna i Sognefjorden på fylkesveg 55 like ved Nessane i Balestrand kommune. Alle naudetatane er på staden, og dykkarar har starta søk.

Politiet fryktar at det kan vere personar ombord i lastebilen som tysdag hamna i fjorden ved Kvist i Balestrand.

I FJORDEN: Politiet fryktar det kan vere personar i lastebilen som tysdag hamna i fjorden ved Kvist i Balestrand.

Luftambulansen er på staden saman med andre ressursar, og det er henta inn ein oppdrettsbåt som skal halde lastebilen på plass.

Det skal vere svært djupt i området og lastebilen ligg førebels usikkert til.

– Det er ikkje fått opp nokon folk frå sjøen. Eit Seaking-helikopter med dykkarar frå Bergen er også på tur innover, opplyser redningsleiar Ola Vaage ved Hovudredningssentralen til NRK.no til NRK.no like før klokka 13.

SISTE: Klokka 15 stadfestar politiet at ein person har omkome i ulukka.

Ligg heilt under vatn

Ei 19 år gamal kvinne omkom etter ei utforkøyring ved Nessane

LIGG SYNLEG I SJØEN: Lastebilen ligg synleg i sjøen mellom Nessane og Kvist på fylkesveg 55.

Foto: Lars Jonas Pedersen / NRK

Naudetatane fekk melding om at eit større køyretøy hadde hamna i fjorden mellom Nessane og Lånefjorden om lag klokka 11.50. Det stadfestar Alarmsentralen i Florø overfor NRK.no like før klokka 12.

Det er førebels uvisst om det er folk i køyretøyet. Brannvesen, ambulanse og politi er sende til staden. Det same er luftambulanse og dykkarar. Eit Sea King-helikopter kom til stades med redningsdykkarar og deltok i søket i køyretøyet.

– Lastebilen skal ligge heilt under vatn, ca ti meter frå land, opplyser vakthavande ved Alarmsentralen klokka 12.10.

Trur det er folk i bilen

NRK-reporter Eli Eikenæs Vengen er på plass på ulukkesstaden klokka 13. Ho seier det er store mannskap på plass. Autovernet er lagt flatt langs fylkesveg 55 der ulukka har skjedd.

Innsatsleiar Geir Harkjerr i politiet seier til NRK.no klokka 13 at redningsmannskap no jobbar med å sikre bilen.

– Vi jobbar med sikring av bilen for å få den til å ligge roleg. Vi veit ikkje enno om det er folk i bilen, men det er grunn til å tru at det var folk i bilen, seier Harkjerr til NRK.no.

Han seier dei må sikre bilen før dei kan sende fleire dykkarar i sjøen.

– Vi jobbar så fort vi kan med å lokalisere den eller dei som eventuelt var i bilen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke mellom Nessane og Høyanger.

ULUKKE: Ein lastebil har hamna i fjorden mellom Nessane og Lånefjorden i Balestrand.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Stengd på ulukkesstaden

AMK ved Førde sentralsjukehus kunne klokka 12.20 ikkje stadfeste eller avkrefte at det er personar i lastebilen.

Lastebilen skal ha hamna i fjorden like før bygda Nessane. Fylkesveg 55 skal vere heilt bein på denne strekninga.

Roger Nedberge Hille ved Vegtrafikksentralen i Lærdal seier vegen blir stengd i samband med redningsarbeidet.

Høyanger-Lånefjorden-Nessane

I FJORDEN: Naudetatane har rykt ut etter melding om at ein lastebil har hamna i sjøen.

Foto: Google maps