Hopp til innhold

Stein smadra bil like ved tunnel - jente (15) omkom i ulukka

Ei 15 år gamal jente omkom då bilen ho sat i vart knust av ei stor steinblokk på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Hafslo i 14.30-tida i fredag. Laurdag blir vegen stengd midt på dagen for å undersøkja området.

Bilulukka ved Årøytunnelen

LIKE VED TUNNELEN: Bilen vart treft av steinen like ved Årøytunnelen på fylkesveg 55.

Foto: Rune Sjøberg

Politiet stadfestar at ein person er død. Familien er varsla og har frigitt namnet. Den omkomne er Aleksandra Dominika Alberska, 15 år frå Luster.

Roser der dødsulukka skjedde

BLOMAR: Det er lagt ned roser ved ulukkesstaden.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

– Me har aktivert heile kriseteamet vårt, so me er førebudde på å gå vidare so raskt so me finn det riktig.

Det seier Knut Cotta Schønberg, kommunelege i Luster, der jenta er heimehøyrande, og leiar i kriseteamet i kommunen.

Kondolansane er allereie byrja å kome på facebooksida til jenta, og folk har lagt ned blomar på ulukkesstaden.

– No heilt i starten er det legevaktslegen som har vore på ulukkesstaden og vore i kontakt med familien saman med prest, seier kommunelegen.

To personar

Politiet fekk melding om ulukka i 14.30-tida fredag, som skjedde rett ved Årøytunnelen.

Bil treft av stein

FLAT: Bilen vart knust av den store steinen som trefte bilen.

Foto: Rune Sjøberg

Dei første meldingane gjekk på at det var ein person som var alvorleg skadd og ein lettare skadd.

– Det var to personar i bilen. Passasjeren er alvorleg skadd, sjåføren er lettare skadd, sa Per Rimmen, operasjonsleiar i politiet.

Sjåføren, ein mann på 26 år, er lettare skadd.


Steinen som knuste ein bil i Årøy

STOR STEIN: Denne steinen trefte bilen på fylkesveg 55.

Foto: Rune Sjøberg
– Det har vore ei enorm kraft

– Det har kome fleire steinar ned frå fjellsida og bilen er heilt flat. Det er både luftambulanse og utrykkingskøyretøy her. Steinen som trefte bilen er meir enn ein kubikkmeter stor, det er eg ganske sikker på, sa Jon Navarsete, som var augevitne på staden.

– Det har vore ei enorm kraft når den har treft bilen, det syner godt at. Det er lange køar på begge sider.

Blir stengd laurdag

– Geologane vurderer det som so trygt at me kjem til å opna for at bilar kan køyra forbi i kveld, men me kjem til å ha lyttepost på plass og manuell dirigering, seier Nils Magne Slinde, Avdelingsdirektør i Statens vegvesen Sogn og Fjordane.

– Vegen kjem til å bli stengd laurdag frå klokka 10.00 til 16.00 slik at mannskap kan undersøkja fjellsida grundigare. Vegen kjem til å bli opna kvar andre time, also klokka 12 og klokka 14.

Du kan følgja siste nytt om vegstengingar på vegvesenet sine heimesider.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.