Hopp til innhold

Norsk Tipping jaktar nybakt lottomillionær

Norsk Tipping har framleis ikkje fått kontakt med ein nybakt lottomillionær i Florø.

Henning Øium, medierådgjevar i Norsk Tipping

KONTAKT: Henning Øium, medierådgjevar i Norsk Tipping, har fått kontakt med ein av dei to lottomillionærane han etterlyste søndag morgon.

Foto: Norsk Tipping

Søndag morgon starta Norsk Tipping jakta på både ein mann frå Stavanger og ein mann frå Florø.

Begge var blant dei fem som laurdag kveld vann førstepremien i Lotto, men også dei som ikkje svarte då den gledelege meldinga skulle meddelast.

– Vi har ringt dei to-tre gonger i går, og ein gong i dag. Men så langt har vi ikkje fått svar. Eg trudde det var han i Florø som ringde no, men den gang ei, seier medierådgjevar Henning Øium hos Norsk Tipping på Hamar, når NRK.no ringjer.

Fekk kontakt

Fem personar stakk av med 2,2 millionar kroner kvar då dei prikka inn den rette talkombinasjonen med 3–8–11–13–25–29 og 34.

Etter gjentekne forsøk, ringte Stavanger-mannen til Øium søndag føremiddag.

– Tullar du? Dette blir kjekt. Det kjem kjempegodt med. Eg leiger bustad i dag, og har drøymt om å kjøpe meg noko eige, kunne mannen i 60-åra fortelje.

Nye nummer

Men når det gjeld Florø-mannen held Norsk Tipping fram jakta.

– No er det å byrje å sondere litt rundt andre mogelege telefonnummer, seier Øium.

(Artikkelen held fram under biletet)

Lottotrekninga 2. februar 2013

KJENTE TAL?: Norsk Tipping har framleis ikkje fått kontakt med to av fem nybakte lottomillionærar etter trekninga laurdag.

Foto: Norsk tipping

Godt vaksne menn

Mannen frå Florø er tidleg i 50-åra og leverte sin kupong på internett 19. januar.

– Det hender slikt skjer. Folk er gjerne opptekne i helga og ynskjer ikkje å ta telefonar frå ukjende nummer, seier medierådgjevaren med eit smil.

Trudde det ikkje

– Kanskje har dei sjekka kupongane allereie, og er klar over at dei har vunne? Men eg håpar ikkje at det er grunn til ikkje å snakke med oss, held Øium fram og gjerne vil fleire ha lukkelege reaksjonar som han fekk etter trekninga laurdag.

– Dette kan eg ikkje tru! Eg klarer ikkje å slappe av, no skal eg ta meg eit par glas vin og drøyme meg litt bort, jubla ei kvinne frå Skedsmokorset.

– Ta kontakt

I tillegg til vinnaren frå Skedsmokorset, Florø og Stavanger, fekk også ei dame på Bekkestua i Bærum og ei kvinne frå Ålen melding om at dei tok førstepremien i Lotto.

– Vi prøver utover dagen i dag og i morgon, så vil det gå ut informasjon frå Norsk Tipping. Pengane blir overført til konto til veka, seier Øium og håpar floraværingar i 50-åra no sjekkar Lotto-kupongane sine.

– Ta kontakt, slik at vi får tatt ein prat. Det hadde vore fint, ler han.