Hopp til innhold

For 35 år sidan vart sju personar drepne her - Kristen Olav hugsar det som om det var i går

Då lastestroppane rauk, fauk tonnevis av huntonittplater som barberblad mot turistane i bussen på E16. Sekundar etter var ei av Norges verste bussulykker gjennom tidene, eit faktum.

Kristen Olav Grøttebø

FORSVINN IKKJE: Sjølv 35 år etterpå kan Kristen Olav Grøttebø sjå føre seg den groteske ulykkesstaden etter at lause sponplater drap sju amerikanske turistar. Sju andre turistar vart alvorleg skadde i ulykka, fleire vart invalidiserte for livet.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/Mads Rekve / NRK/privat

24. mai 1978 17:30: Lensmannsbetjent Kristen Olav Grøttebø er ferdig med sin 24. arbeidsdag ved Lærdal lensmannskontor, og middagen er unnagjort. Til å vere i slutten av mai, er varmen god. Sola skin, og Grøttebø set i gang med plenklipparen. Men midt i plenklyppen, kjem lensmann Anders Rekve hastande.

– Eg fekk beskjed om å komme meg opp i Ove-svingen så fort eg kunne. Det hadde skjedd ei alvorleg ulykke, meir visste han ikkje, seier Grøttebø (63).

Den den gong 28 år gamle lensmannsbetjenten, hadde jobba tre år i Årdal ved lensmannkontoret der, samt eitt år som anleggsbetjent i Lærdal.

Likevel kjende han pulsen godt der han gjorde seg klar til å køyre dei få kilometrane oppover E16 i Lærdalsdalen. For kva ville møte han der?

– Det var mange tankar som for gjennom hovudet mitt, medan eg drog på meg den blå nylonkjeledressen, som den gong var uniforma, minnest Grøttebø.

Er glad han ikkje kom rett frå Politihøgskulen

Minutta fram til ulykkesstaden verka lange. Han ante ikkje kva syn han ville få.

– Når du dreg ut, så mobiliserer du. Tenkjer det verste, og håpar det beste, seier Grøttebø.

Men ikkje noko mobilisering i heile verda, kunne bu den unge mannen på det han skulle hamne rett opp i, minuttar seinare. Han er glad for at han hadde eit par år på baken frå Årdal lensmannskontor.

Når du dreg ut, så mobiliserer du. Tenkjer det verste, og håpar det beste.

Kristen Olav Grøttebø

– Hadde eg vore nyutdanna, så veit eg neimen ikkje korleis det hadde gått, seier Grøttebø.

For synet som møtte han i Ove-svingen, på E16 ved Ljøsne i Lærdalsdalen, er nesten vanskeleg å setje ord på. Det finst omtrent ikkje fargefoto frå hendinga. Det er nok like greitt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykkesbussen

FREISTA Å HJELPE: Alle som kunne, kom til for å hjelpe. Vanlege folk stilte med privatbilane sine, for å få skadde turistar til Lærdal sjukehus.

Foto: Mads Rekve

Såg fram til å komme heim

24. mai 1978 kl. 16:55: I bussen med dei 28 amerikanske turistane, er stemninga god. Dei har reist langt for å sjå vakkert norsk landskap. Turen skal gå frå Geilo til Tyin, og Vestlandet syner seg i all si prakt. Verdas lengste fjord, Sognefjorden, har dei nett kryssa med ferje frå Kaupanger til Refsnes. Kanskje har guiden, idet dei køyrer i land, fortalt om at dei snart skal få sjå det verna og idylliske trehusmiljøet på Gamle Lærdalsøyri, før dei skal ta til på den pittoreske vegstrekninga oppover dalen.

På same tid er ein semitrailer frå Firda Billag på veg ned Lærdalsdalen, lasta med sponplater. Bilen skal til Førde, og bak rattet sit 33 år gamle Eiliv Espeland frå Naustdal. Han har køyrt bil på over 20 meter i to år, utan uhell. Nesten ein distanse som tilsvarar jorda rundt ved ekvator fire gonger, over 150.000 kilometer.

Det er forskjellig der som eg ikkje hugsar. Det var så mykje som skjedde.

Eiliv Espeland

– Eg hadde køyrt heile vegen frå Gjøvik, og gledde meg til å komme heim til familien, minnest Espeland.

Han var opplagd, vegen var fin, trafikken ikkje mykje å snakke om, og vêret var godt.

– Alt var som normalt, seier Espeland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fekk hjelp

TRÅDDE TIL: Legane som kom til staden, gjorde sitt yttarste for å berge liv i grøftekanten.

Foto: Mads Rekve

Lastestroppane ryk tvert av

Men det skal fort endre seg. På veg inn i den såkalla Ove-svingen ved Ljøsne i Lærdal, får han ein liten sleng på hengaren.

Han er litt for langt inne i vegbana, slik at venstre side på den møtande bussen, sneiar sida bakerst på hengaren, med det resultat at lastestroppane i nylon, som held sponplatene fast til lasteplanet, ryk tvert av.

Dermed er det ingenting som held dei 16 tonna med sponplater fast. Idet køyretøya passerer kvarandre, susar sponplater inn i bussen som drepande prosjektil, rett bak bussjåføren. Det er absolutt ingenting som kan stoppe dei enorme kreftene i sving.

Og så vert det stilt. Heilt stilt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ulykkesbussen

LÅG STRØDD: Delar frå huntonittplatene og bussen låg strødde i området der ulykka hadde skjedd. Biletet er teke like etter ulykka.

Foto: Mads Rekve

Var blod overalt

24. mai 1978 kl. 17.15: Espeland får stoppa semitraileren i svingen og forstår at det som har skjedd ikkje kan vere bra. Men kor ille det verkeleg er, skal det gå mange timar før han forstår. Han klatrar ut av førarhuset på traileren og ser seg rundt. Forstår at dette er dårleg nytt, tek beina på nakken og spring til næraste hus for å få dei til å ringje etter hjelp.

– Det er forskjellig der som eg ikkje hugsar. Det var så mykje som skjedde, seier Espeland.

Det var så uendeleg stilt. Og synet var så makabert. Det var blod overalt, vrakdelar, vridd metall og skadde og døde menneske

Kristen Olav Grøttebø

Etter det som kjendest som evigheiter, dukka lege, ambulanse og politi opp.

Likevel er det framleis stilt. Som om det ligg ei eiga tåke av stille over skadestaden.

– Det var så uendeleg stilt. Og synet var så makabert. Det var blod overalt, vrakdelar, vridd metall og skadde og døde menneske, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

SIT SOM SPIKRA: Kristen Olav Grøttebø fortel om ulykka som hende for 35 år sidan. Foto: Tone Merete Lillesvangstu

Alle var så rolege

Sjølv om sju passasjerar var alvorleg skadde og hadde smerter, samt 14 andre var i live og i sjokk, er Grøttebø viss på at det var heilt stilt.

– Dei var merkeleg rolege. Eg har tenkt på det i ettertid. Det er sikkert slik at når vi blir utsette for skikkeleg sjokk, så blir vi litt hjelpelause, stille og i sjokk, seier Grøttebø.

24.mai 1978 kl. 17.40: Ambulansesjåfør Sveinung Bentås (33) er heime i hagen. Arbeidsdagen ved ambulansetenesta i Lærdal er over, og han nyttar den fine dagen til å få sett opp eit gjerde ut mot vegen. Omsider skal det bli ferdig. Men arbeidet får ein brå slutt når svogeren Knut kjem forbi på sykkel.

Bussen og sjåføren

PREGA: Per Helge Ulriksen køyrde turistbussen, der sju personar omkom. Her er han fotografert ved sidan av bussen dagen etter ulykka.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

– Han lurte på om eg ikkje hadde fått med meg at det hadde skjedd ei stor ulykke. Han meinte eg burde komme meg på sjukehuset att, for dei kom sikkert til å trenge folk, seier Bentås, som hyvde seg i bilen for å komme seg ned til Lærdal sjukehus.

På ulykkesstaden var lensmannsbetjent Grøttebø i full gang med å skaffe seg oversikt.

– Ein lege som jobba på sjukehuset, hadde komme opp like før eg kom dit, og var i gang med å jobbe med dei skadde. Han var utanlandsk og god i engelsk, så han kommuniserte godt med dei, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Store bussulykker i Norge» i nytt vindu

Måtte få dekka til bussen

Sjølv gjekk han inn i bussen for å sjå kva meir som kunne gjerast der.

– Det synet som møtte meg, gløymer eg aldri, seier Grøttebø.

Bileta har han på netthinna den dag i dag. Menneskekroppar i rare positurar, kroppsdelar som mangla, forvridd metall og blod overalt. Også lukta kan han minnast, berre han let att augo.

– Det var ei heilt spesiell lukt. Ein søtleg ange. Det er vanskeleg å beskrive det, seier Grøttebø.

Det synet som møtte meg, gløymer eg aldri.

Kristen Olav Grøttebø

Han prioriterte å få dekka til vindauga på bussen. Køyretøya stod så langt frå kvarandre, at ein etter ei stund kunne la trafikken passere. Ved å setje sponplater opp der dei smadra vindauga hadde vore, hindra dei effektivt innsynet.

– Det var viktig å få dekka til, for synet i bussen var ikkje noko vegfarande hadde behov for å få med seg, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Faksimile VG 25. mai 1978

RYDDA FRAMSIDA: VG brukte heile framsida 25. mai 1978 på ulykka i Lærdal, samt to sider inni avisa.

Foto: Faksimile VG

Hadde råfersk beredskapsplan

Midt i alt elendet, stiller både gjennomreisande og fastbuande opp. Skadde vert køyrde i privatbilar til sjukehuset i Lærdal. Dei som hadde komme fysisk uskadde frå ulykka, vert køyrde til Lindstrøm hotell på Lærdalsøyri, der det var oppretta krisemottak.

Utruleg nok har katastrofeutvalet i Lærdal sett punktum for den rykande ferske beredskapsplanen sin berre to-tre timar før ulykka. Dermed veit alle kva dei har å gjere då dei første meldingane om katastrofa kjem.

Legar, kirurgar, narkosepersonell, operasjonspersonell, sjukepleiarar og kommunikasjonsfolk står parat når den første skadde kjem til sjukehuset.

– Det vart gjort ein enorm innsats av mange, seier Grøttebø.

Men igjen i bussen, sit dei sju omkomne. Eller det som er att av dei.

– Dei ba meg ta Ford transiten, ein avdanka sjukebil, for å reise opp for å hente omkomne. Transiten kunne nemleg ta fleire folk om gongen, seier ambulansesjåfør Bentås.

Den røynde ambulansesjåføren hadde vore med på mange ulykker. Men aldri med så mange omkomne som dette.

Folk som kom på ulykkesstaden rett etterpå, fortalde at bussen såg ut som om han var sprengd i lufta. Den 12 meter lange bussen var flerra opp på venstre side. Dei susande sponplatene hadde kutta av sprossene mellom vindaugene, slik at taket hang ned.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bentås og Grøttebø

GODT Å PRATE: F.v. Sveinung Bentås og Kristen Olav Grøttebø var saman på ulykkesstaden, den gongen som høvesvis ambulansearbeidar og lensmannsbetjent. Begge understrekar at det å prate med andre om opplevingane, har vore viktig for å bearbeide dei kraftige inntrykka.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Var berre øyra som var råd å identifisere

Med massiv kraft hadde platene i fleire tilfelle meir eller mindre kutta hovudet av fleire av passasjerane som sat på venstre side. Eller maltraktert menneskekroppen fullstendig. Ein av busspassasjerane som overlevde, fortalde til VG korleis han hadde opplevd ulykka.

– Plutseleg var alt rundt oss raudt av blod, og vennene mine, som sat knapt eit par meter unna, hang døde ut av eit gapande hol i bussveggen, fortalde han til VG 26. mai 1978.

Bentås minnest då han kom ut av bilen og fekk sjå ulykkesstaden.

Fleire av dei drepne var regelrett halshogne. Det er ikkje så mykje anna å seie.

Kristen Olav Grøttebø

– Dei fleste var køyrde vekk, det var berre dei omkomne som låg att. Det var eit fælt syn. Og så blir det ei spesiell lukt, som alltid er på dødsulykker, seier Bentås.

Mange av bileta frå ulykka er vekk, eller blanda i hop med andre ulykker han har vore på. Men eitt bilete vert han aldri kvitt.

– Eg hugsar best ein av dei omkomne. Han var så sterkt skadd i hovudet at han ikkje gjekk an å kjenne att. Det eine øyret var heilt, resten var hovudet var maltraktert, fortel Bentås.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hengaren

STROPPANE RAUK: Stroppane som festa bakarste del av lasset, rauk tvert av då hengaren kom borti bussen. Dermed var tonnevis av huntonittplater i fri flyt.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Sette nummer på seta

Saman med Grøttebø gjekk Bentås i gang med å få dei omkomne ut av bussvraket. Ein jobb som var krevjande på fleire vis. For fleire av dei omkomne hang ikkje heilt i hop. Kroppane deira var i fleire delar.

– I ettertid vart eg litt imponert over kor klartenkte vi var. For at vi skulle få oversikt, så nummerte vi seta i bussen. Det vi tok frå kvart sete, vart lagt under same nummer ute, seier Grøttebø.

Nettopp slik klarte dei å få identifisert dei sju omkomne. Alle dei omkomne sat nemleg på venstre side.

Då politiet avhøyrde dei overlevande som hadde site på høgre side, kunne dei identifisere kven som hadde site attmed dei, på andre sida av midtgangen.

– Men det var ein tøff jobb, seier Grøttebø, og Bentås nikkar.

(Artikkelen held fram under biletet)

ulykkesbussen

MASSIVE SKADAR: Platene har kutta stolpane mellom vindauga på bussen tvert av. Biletet er teke rett etter ulykka skjedde.

Foto: Mads Rekve

Skulle løfte ein person, men han hang ikkje i hop

Dei fleste av dei omkomne sat i seta sine etter ulykka. Nokon hang ut frå sida på bussen, der glasa var knuste.

Men Grøttebø hugsar spesielt godt ein person som låg i midtgangen på bussen.

– Eg har spekulert i om han stod i midtgangen då det skjedde, at han kanskje fiksa noko i hattehylla, seier Grøttebø.

For å få flytta personen ut i Transiten, tok Grøttebø tak i føtene, medan Bentås tok tak i overkroppen.

Det var ei heilt spesiell lukt. Ein søtleg ange. Det er vanskeleg å beskrive det.

Kristen Olav Grøttebø

– Så løfta vi. Men ingenting skjedde. Det verka som han berre vart lengre og lengre dess meir vi løfta og drog, seier Grøttebø, og dreg den brunbarka neven over augo, som for å viske vekk biletet.

Sponplatene hadde omtrent delt kroppen i to, midt på.

– Fleire av dei drepne var regelrett halshogne. Det er ikkje så mykje anna å seie, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svingen sett oppefrå

STOR INNSATS: Ulykkesstaden var ein krevjande stad å jobbe. Grøttebø rosar alle som var involverte.

Foto: Mads Rekve

Kjende seg så uendeleg makteslaus

Han minnest kjensla då han stod på staden.

– Ein vert utruleg liten og makteslaus når slikt skjer. Men samtidig er det utruleg korleis ein mobiliserer når ein står midt oppi det, seier Grøttebø, og Bentås nikkar.

– Ein har ikkje noko val, seier Bentås stilt.

Seint på kvelden 24. mai 1978: På ulykkesstaden er det omtrent rydda opp. VG og NRK har komme med sjøfly for å dekkje det som vert karakterisert som «Buss-katastrofen». Ein har knapt opplevd liknande ulykke i Norge. To karar i sin beste alder er på veg heim til kvar sin familie. Med mykje tankar i hovudet. Og få å dele dei med.

– Det var ikkje noko som heitte debriefing den gongen, seier Grøttebø.

– Nei, når jobben var gjort og dagen slutt, så drog du heim. Slik var det berre, seier Bentås.

Men sjølv om lyset vart sløkt og hovudet lagt på puta, så slutta ikkje bileteframvisaren i hovudet å virke. Kanskje tok han pause, slik at søvnen fekk ta eit lite tak, før han skrudde på att.

– Eg har vakna nokon gonger om nettene, ja, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bårebilane

DEN SVARTE DAGEN: Eit heilt lokalsamfunn var i sjokk etter ulykka. Dei omkomne vart frakta vidare til Oslo allereie dagen etter ulykka, og påfølgjande natt, mellom anna fordi det ikkje var kapasitet ved Lærdal sjukehus til å ta hand om så mange døde over lengre tid.

Foto: Arne Iversen / VG/NTB Scanpix

Har vore oppteken av debriefing

Grøttebø har funne god støtte i å dele tankane sine, spesielt med kona Aud.

– Ho har teke i mot mykje, det skal vere visst. Og så har det vore godt å ha gode kameratar som ein kan snakke fortruleg med, seier Grøttebø.

Då han sjølv vart lensmann, var han svært oppteken at at tenestemenn som hadde vore ute på krevjande åstadar, fekk moglegheit til å snakke gjennom det dei hadde vore med på.

Nei, når jobben var gjort og dagen slutt, så drog du heim. Slik var det berre.

Sveinung Bentås

– Etter alt eg har vore med på, så fekk eg ei større sut for kollegaene mine. At det er viktig å ta vare på dei, seier Grøttebø.

Han var også med som kollegastøtte i politiet, ei ordning han meiner er viktig.
Men han legg ikkje skjul på at det tidvis har vore krevjande å vere politimann langs ein av dei meir ulykkesbelasta strekningane Sogn og Fjordane. Det har vore mange dødsulykker på E16 opp gjennom åra. Grøttebø har vore på mange.

– Det har gjort noko med meg. Høyrer eg utrykkingskøyretøy, så ringjer eg automatisk rundt til dei tre borna mine og kona, seier Grøttebø.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eiliv Espeland

HAR KØYRT VIDARE: Eiliv Espeland var snar til å komme seg tilbake i jobb, og har køyrt vogntog sidan.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har halde fram å køyre fram til i dag

Eiliv Espeland vart rutinemessig fråteken førarkortet medan saka vart etterforska. Han vart tiltalt for å ha køyrt aktlaust, og vart i Indre Sogn herradsrett funnen skuldig. Straffa vart sett til 30 dagar fengsel på vilkår, samt 1000 kroner i bot og sakskostnader på 500 kroner.

Straffa vart dermed langt mindre enn kva aktor ønskte, som la ned krav om 24 dagar fengsel utan vilkår.

– Eg la ulykka bak meg då eg fekk att førarkortet. Eg har ikkje tenkt så mykje på det etterpå, sjølv om det som hende var forferdeleg. Men det hjelper liksom ikkje, seier Espeland.

Han fylte 67 år i desember, og er pensjonist, men køyrer framleis langtransport når det høver. For han trivst godt på vegen.

– Eg tok til att å køyre så snart eg kunne, og det har eg gjort sidan. Eg har ikkje følt noko skuld. Det var små marginar. Det er frykteleg og trist at nokon omkom, det er berre det å seie, seier Espeland.

I etterkant har ulykka vorte rekna som ei av dei største erstatningssakene som Norge har hatt. Mange summar har vore nemnt, men kor mange millionar som til slutt har vorte utbetalt, veit berre forsikringsselskapet.

10. september 2013: Ove-svingen på E16 i Lærdal er noko endra sidan 1978, men traseen er den same. Berre litt breiare veg, og høgare støypekant på eine sida. Svingen ligg berre eit sprekt steinkast frå garden der Grøttebø vaks opp. Den pensjonerte lensmannen sit i grøftekanten i innersvingen, staden der dei hardt skadde amerikanarane låg apatiske og venta på hjelp for 35 år sidan, medan området rundt såg ut som ei krigssone.

– Eg passerer her ofte, for eg bur jo her i Lærdal. Stort sett går det bra. Men det hender bileta kjem tilbake medan eg køyrer forbi. Då må eg berre opp med handa, og liksom viske dei vekk, seier Grøttebø.