Hopp til innhold

Jepp, du ser rett - her har det komme nysnø!

I går kveld og i natt har det komme snø på fleire fjelltoppar, mellom anna på Vikafjellet.

Svinadalsholtane

MELISDRYSS: Svinadalsholtane ved Vikafjellet har fått eit pent melisdryss i løpet av natta.

Foto: Svein Harald Lilleøren

– Me såg at det var litt snø i går kveld, men i dag har det krope ytterlegare nedover fjellsidene, seier Svein Harald Lilleøren i Vik.

Han har god utsikt til Svinadalsholtane i Vik, og fotograferte like godt melisdrysset som ligg på fjelltoppane.

– Det er vel ikkje heilt uvanleg i september, men eg tykkjer det er litt tidleg, seier Lilleøren og ler.

Har vore ei kjøleg natt

For veret er det fint lite å gjere med, og om ein vil eller ikkje, så er hausten rett rundt hjørnet.

Det stadfestar vakthavande meteorolog ved Vêrvarslinga på Vestlandet, Kristin Seter.

– Eg har ikkje eksakte målingar for Vikafjellet, men eg ser på temperaturoversikta at det har vore kjøleg mange stadar i natt, seier Seter.

Ho fortel at fleire stadar har vore nede i mellom 3,5 og 5 grader i natt.

– Og det er kaldt nok til at det kan komme snø einskilde stadar, seier Seter.

(Artikkelen held fram under biletet)

Snø på toppane

BRRRR: Meteorolog Kristin Seter fortel at det har vore kjøleg mange stadar i natt.

Foto: Svein Harald Lilleøren

Ikkje unormalt tidleg

Ho understrekar at det ikkje er unormalt tidleg, sjølv om det heller ikkje her heilt vanleg.

– Nei, i september kan det godt komme snø både her og der. Og på høgfjellet kan det jo også komme snø om sommaren. Men eg skjønar at folk tykkjer det er litt tidleg, seier Seter.

Men kalendaren er snudd, og september er haustmånad, uansett kva ein måtte meine.

– Hausten er i anmarsj. Ikkje tvil om det, seier Seter.

Melisdrysset kjem truleg raskt til å få bein å gå på, for temperaturane utover veka skal stige.

Temperaturane skal stige

– Det ser ut til at vi har lettare vêr i vente. Det blir litt høgare temperaturar, men litt nedbør må vi nok rekne med. Langtidsprognosane er ganske usikre, seier Seter.

Men det ser ut til at onsdag og torsdag skal bli relativt fine dagar.

– Vi får tru snøfallet er forbigåande, seier Seter.

Søndag er det meldt om ganske store nedbørsmengder i heile fylket.

– Det blir gått. Regnet kjem i bygeform, og det ser ut til at det skal bli ganske tett med nedbør, seier Seter.