NRK Meny
Normal

Desse vegane er stengde på grunn av ras, rasfare og flaum

Fleire av vegane i Sogn og Fjordane er laurdag framleis stengde av flaum, ras eller fare for ras.

Store mengder tre og stein stenger vegen ved Skredestranda.

SKREDESTRANDA: Slik såg det ut etter nattas herjingar på Skredestranda på riksveg 15 mellom Eid og Stryn.

Foto: Håvar Kongsvik

Store nedbørsmengder har bøtta ned over Sogn og Fjordane fredag ettermiddag og natt til laurdag.

Ei rekkje vegar har blitt stengde, nokre opp til fleire gonger. Entreprenørane og Vegvesenet har hatt si fulle hyre med å få oversikt over rasomfanget, og ein del stader har ein laurdag starta oppryddingsarbeidet.

SJÅ OPPDATERTE VEGMELDINGAR HER

Slik er stoda på vegane klokka 19:00 laurdag:

  • E39 – ved Årskog på strekninga Lotetunnelen og Lote ferjekai er det redusert framkomst grunna oppryddingsarbeid.
  • RV 15 ved Skrede mellom Eid og Stryn – stein og stokkar har rasa ned i vegbana, og det er eit omfattande oppryddingsarbeid. Vegen blir ikkje opna før tidlegast måndag.
  • Fylkesveg 13 – Langeteig – Renndalen i Balestrand er stengd på grunn av snøras.
  • Fylkesveg 13 – Gaularfjellet -stengd på grunn snøras
  • Fylkesveg 55 – Sognefjellet stengd på grunn av uver.
  • Fylkesveg 609 – stengd ved Heilevang mellom Askvoll og Førde på grunn av rasfare. Ny synfaring søndag. Ekstraferje sett opp mellom Eikenes og Dale.
  • Fylkesveg 720 – vegen er stengd mellom Hjelleøyane og Erdal på grunn av rasfare
  • Fylkesveg 724 – Yri på strekningen Briksdal–Olden er vegen stengd på grunn av steinras. Vegen blir ikkje opna laurdag, truleg blir det ikkje opning ikkje før over helga.

Her har det også vore trøbbel:

  • Riksveg 15 – ved Hjelletunnelen er opna att for trafikk etter at vegen var stengd grunna fleire ras seint fredag kveld.
  • Riksveg 55–opna heilt for trafikk seint laurdag ettermiddag. Har vore stengd sidan natt til fredag mellom Leikanger og Sogndal på grunn av steinras. Klokka 14 melder Vegvesenet at vegen er opna i eitt felt.
  • Fylkesveg 182 – vegen mellom Feios og Fresvik i Vik opna klokka 15.30 laurdag etter å ha vore stengd på grunn av steinras og opprydding etter raset
  • Fylkesveg 607–vegen ved Lone mellom Lavik og Flekke er no open for trafikk
  • Fylkesveg 616–mellom Davik og Dombestein open for trafikk
  • Fylkesveg 577–mellom Villevika og Botnane i Flora kommune er no open for trafikk
  • E39 gjennom Våtedalen mellom Jølster og Gloppen er open for trafikk etter at det fredag kveld gjekk ras
  • Riksveg 5–mellom Grov og Førde er open for trafikk etter at det fredag kveld gjekk ras
  • Fylkesveg 722–mellom Storesunde og Flo i Stryn er opna etter at den i natt var stengd grunna rasfare
  • Fylkesveg 611 er open att etter ha å vore stengd Sæla og Naustdal på grunn av flaum fredag.
  • Fylkesveg 610–har vore stengd ved Øvre Strand ved Viksdalsvatnet sidan fredag ettermiddag. Laurdag kveld opna den att.

Bad folk halde seg inne

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, bad fredag folk som skal ut å køyre, følgje nøye med.

– Det er styrka beredskap på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden og på E16 nord-sør i Nærøydalen, seier han.

Seint fredag kveld var oppmodinga frå Vegtrafikksentralen at folk som ikkje hadde nødvendige ærend med bil måtte halde seg heime.

Fare for flaum

varsom.no har Sogn og Fjordane aktsomheitsnivå to på flaumvarselet laurdag. Det betyr at det er raskt aukande vassføring som kan medføre lokale oversvømmingar. Det er spesielt stor vassføring for årstida. Det kan bli store problem og flaumskadar lokalt.

Laurdag kveld er verprognosane for laurdag og søndag slik:

Minking til vest til nordvestleg stiv kuling 15, sterk kuling 20 ved Stad. Frå søndag morgon frisk bris 10. Regnbyer, snøbyer over 700–900 m.

Frå søndag ettermiddag blir det sørvestleg liten kuling 12, sterk kuling 20 ved Stad, søndag kveld sørleg sterk kuling 20 på kysten og i fjellet. Ved Stad sørvestleg full storm 25. Regn og yr, snø over 800–1000 m.

Vegopning på Bergum i Førde kommune