Hopp til innhold

Set opp kriserute mellom Hella og Kaupanger

Det blir sett opp kriserute mellom Hella og Kaupanger etter at riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger framleis er stengd etter steinraset torsdag kveld.

Hella ferjekai

KRISERUTE: Det går ferje frå Hella (biletet) og Kaupanger både fredag og laurdag, slik at folk som har trong til å komme seg til og frå Leikanger har ei mogelgheit til det.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Vi har sondert muligheitene for å få til ei kriserute frå Hella til Kaupanger, og det har vi fått ordna, seier prosjektleiar i Statens vegvesen, Per Ove Fossheim.

Eit steinras stengde vegen seint torsdag kveld. Sleppområdet ligg om lag 200-250 meter over vegen.

Geologar har i morgontimane undersøkt rasstaden, og har bestemt at vegen ikkje kjem til å bli opna att fredag.

Det er meldt svært store nedbørsmengder fredag og laurdag, og geologane meiner at det kan komme ned meir jord- og steinmassar.

Første ferje går klokka 12.00

Første ferjeavgang frå Hella går klokka 12.00. Det er rekna om lag to timar overfart mellom Hella og Kaupanger.

– Dei som har tenkt seg utover til Hella frå Leikanger, har moglegheita, seier Fossheim.

Første ferje frå Kaupanger til Hella vil gå klokka 14.00.

Ferjeavgangane førebels frå Hella er klokka 12.00, 16.00 og truleg klokka 18.00.

Ferjeavgangar førebels frå Kaupanger er klokka 14.00, 16.00, 18.00 og 20.00.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rasområde på riksveg 55 mellom Sogndal og Leikanger
Foto: Ole Kristian Åset/Vegvesenet

Får konsekvensar for Balestrand-sektoren

– Det blir teke ut ei ferje frå trekantsambandet Vangsnes-Hella-Dragsvik. Og så har dei sett inn ei anna ferje. Det ligg ei ferje til kai på Kaupanger som dei meiner dei skal få brukt i tillegg, seier Fossheim.

Sidan den eine ferja vert teken frå Balestrandsektoren, betyr det at det på dette sambandet også vert redusert kapasitet, og at ferjene går etter kriserute også her.

Riksveg 13 over Vikafjellet vart klokka 12.30 stengt grunna uvêr, etter at det hadde vorte køyrt kolonne sidan morgontimane. Dermed er også innbyggjarane i Vik kommune delvis isolerte.

– Sambandet her vil gå med halvert kapasitet, og etter kriserutene som vi nyttar når ei ferje vert teken ut av Balestrandsektoren, seier driftssjef i Fjord1, Terje Stub.

Laurdag er det planlagt avgang klokka 08.00 både frå Hella og Kaupanger, men avgangen frå Hella er ikkje endeleg bestemd.

– Avgangen frå Hella er førebels litt usikker, men i utgangspunktet er det ferje frå begge stader klokka 08.00, 10.00 og 12.00, seier Fossheim.

Geologar skal ta ny vurdering

Han ber folk halde seg oppdatert via nettsidene til Fjord1 og Statens vegvesen.

Når arbeidet med å opne riksveg 55 kan ta til, er heilt uvisst.

– Det vil bli teke ny geologisk vurdering laurdag føremiddag, når tilhøva ligg til rette. Så får vi ta det derifrå. Vi håpar at vi klarar å få opne i løpet av laurdag, då det er meldt litt betre vêr, seier Fossheim.