Hopp til innhold

Ein person evakuert i Naustdal - elv går over sine breidder

Ein mann er evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset er stengd. Brannmannskap og politi er på plass.

Sælaelva som går like ved huset har gått over sine breidder, og det var store vassmassar i området rundt huset. Det skal også ha kome vatn inn i huset.

Mannen skal ha gjort forsøk på å leie vatnet vekk frå huset, men fekk etter kvart hjelp frå brannkorpset.

– Vi har fått på plass ei gravemaskin til å grave over elva, slik at vi kan leie vatnet vekk frå huset, seier Oddbjørn Aune som er vakthavande ved 110-sentralen.

Raskt på plass

Brannmannskap og politi kom rast til staden. Brannvesenet hadde med seg utstyr til å pumpe vatn ut av huset. Dei jobbar no med å demme opp og leie vatnet rett veg.

Mannen som bur i huset er evakuert, og fekk hjelp av brannkorpset til å kome seg unna vassmassane.

– Vegen mellom Sæla og Naustdal er stengd, opplyser operasjonsleiar Kjetil Avsnes ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Vurderer om andre hus er i fare

Oddbjørn Aune ved 110-sentralen seier brannmannskap no tek seg oppetter elveløpet for å prøve å hindre vatnet i kome inn i hus.

– Mannskap går no oppover elveløpet for å finne ut om det er fleire hus som kan bli skadde av vassmassane, seier Aune.

Det skal vere fleire hus som ligg oppetter langs elva.

(Artikkelen held fram under biletet)

Fylkesveg 611 i Naustdal er stengd etter at Sælaelva har gått over sine breidder

KØ: Fleire bilar står i kø etter at fylkesveg 611 er stengd på grunn av store vassmassar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Svært vanskelege køyreforhold

Det er svært vanskelege køyreforhold mange stader i Sogn og Fjordane fredag ettermiddag. Det har kome ned store nedbørsmengder og det har gått fleire ras mange stader.

Entrepenørar er i full sving med å ta unna steinar, jord og vassmassar.

– Det har gått mange småras fleire stader, men det er ikkje alle stader vegane er stengde, seier Ketil Molvær ved Vegtrafikksentralen til NRK.no i 17-tida.

Han oppmodar på det sterkaste om at dei som ikkje må ut på vegane held seg heime.

Stod 30 centimeter opp på inngangsdøra

Oddvar Mortensbakke bur nokre hundre meter unna huset som er evakuert. Han seier det er ei rist i Sælaelva som har gått tett, og at vatnet fløyma over på begge sider.

– Ei gravemaskin har vore på plass og fjerna rista, og situasjonen er no meir under kontroll, seier Mortensbakke til NRK.no.

Då han var borte for å sjå på situasjonen ved huset som er evakuert såg han korleis vassmassane hadde omringa huset.

– Vatnet stod 30 centimeter opp på inngangsdøra på huset, så det var nok dramatisk, seier han.

Ein mann er evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset er stengd. Brannmannskap og politi er på plass.

SJÅ VIDEO: Ein mann blei evakuert etter at vatn fløymde inn i huset hans ved Sæla i Naustdal. Riksveg 611 som går like ved huset, var stengd.

Fylkesveg 611 stengd ved Sælaelva i Naustdal

EVAKUERT: Ein person er evakuert etter at Sælaelva i Naustdal ikkje har greidd å ta unna for dei store nedbørsmengdene.